• Svenn Ivar Fure
  • Skrevet av
    Svenn Ivar Fure

Felleskjøpet i angreps­posisjon

Eg er glad eg begynte i Felleskjøpet. Det er eit utruleg spennande og inspirerande selskap med stor verdi for norsk landbruk. Oppgåva no er å ta vare på den sterke posisjonen vår og sørge for at Felleskjøpet fortset å vere det naturlege valet for små og store gardsbruk over heile landet.

Ein stor marknadsleiar med bredt utval av varer og tenester vil alltid bli utfordra. Vi møter no aukande konkurranse frå aggressive aktørar med store utanlandske konsern i ryggen. Desse aktørane går etter dei største og mest lønsame kundane og tek ikkje andre omsyn enn til sin eigen profitt. Felleskjøpet sit sjølvsagt ikkje i ro og ser på ei slik utvikling. Min klåre bodskap er at vi skal gå for å vinne på alle marknader og arenaer der Felleskjøpet deltek. Felleskjøpet skal vere den føretrekte kjøparen av korn og leverandøren av driftsmidlar for alle bønder, uansett storleik på bruket og adresse .

Då styreleiar og eg i sommar reiste rundt i alle regionane møtte vi flinke og dedikerte tilsette og tillitsvalde, og fekk oppleve Felleskjøpet sitt sterke nettverk av avdelingar på nært hald. Ingen kan måle seg med denne slagkrafta. Men eg fekk òg høyre om endringsvillige konkurrentar som i nokre tilfelle er meir på hogget enn oss. Det er eit varsku. Vi må i angrepsposisjon og jobbe som eitt Felleskjøp mot bonden, uansett divisjon og avdeling!

For å vinne må vi samhandle godt og vere konkurransedyktige på pris. På same tid er Felleskjøpet sett opp for å vere leveringsdyktig over heile Noreg og har «reservekapasitet» for kriser som kan oppstå. Dette betyr at vi har kostnader eit heilkommersielt selskap ville vald vekk. Vi har vesentleg overkapasitet på anleggssida og mange avdelingar som ikkje tenar så mykje pengar, men som er viktige for nærområda sine. For å drifte dette, er vi avhengig av å tene pengar på forbrukarane og å halde på marknadsandelane våre i landbruket, inkludert dei gardane med størst produksjon som ligg nære anlegga våre. Dei sørger for volum og kostnadsdekning som igjen gjer at vi kan oppretthalde tilbodet til dei mange små og mellomstore som bur eit stykke frå «Europavegen».

Uansett kva strategien blir framover, er det ein del ting vi må gjennomføre og bli betre på. Berekraft, fungerande IT-system, tryggleik og ikkje minst konkurransekraft er døme på allmenngyldige føresetnader for å sikre Felleskjøpet si framtid.

Historia har lært oss at vi kan få til mykje, men at vi får til mest når det er ein klar samanheng mellom det vi allereie er gode på og det nye vi prøvar oss på.

— Svenn Ivar Fure

Usikre tider

Det er ikkje lett å sjå inn i krystallkula om dagen. Planleggingshorisonten er svært kort. Vi må stadig vurdere kva tiltak vi må setje i verk for at Felleskjøpet-skuta flyt godt og går i riktig retning. Difor har vi lagd det tradisjonelle årsbudsjettet til side og styrar i staden etter prognosar for kva vi ser for oss dei komande månadene. Vi føretek fire oppdateringar i året, der vi ser meir enn eit år fram i tid. Kvar gang gjer vi opp status om korleis verksemda går, kva moglegheiter og utfordringar vi har, og korleis vi skal prioritere investeringsmidlane våre. På denne måten ser vi heile tida framover og brukar kreftene våre på det vi kan påverke. Vi kjem i angrepsposisjon.

Landbruket opplevde i 2021 sterk prisauke på nær sagt alle innsatsfaktorar. I Felleskjøpet sit vi midt i varestraumen, noko som opplevast som kaotisk når ting blir snudd opp ned frå ein dag til ein annan. Eg er imponert over den jobben våre tilsette gjer for å sikre at bonden får dei varene og tenestene som trengst til så gode vilkår som mogleg. Ei viktig rolle er å sørge for at prisane er så lave som mogeleg.

Ei viktig mekanisme Felleskjøpet brukar er at påslaga våre på landbruksvarene for å dekkje drift og lønsemd blir kalkulert i faste kroner, ikkje i prosent. Når innkjøpsprisane våre går opp, tener vi derfor mindre i prosent på same tid som kapitalbindinga aukar. Det er krevande for oss, men denne mekanismen sørger for at ingen andre heller kan auke marginane sine. På denne måten forsvarar vi bonden si kjøpekraft og inntening. Verdien av dette er truleg mange gangar viktigare enn kjøpeutbyttet på samhandlinga med Felleskjøpet.

Trygg kvardag

«Trygg kvardag» er lagt inn som ny kjerneverdi i Felleskjøpet sitt verdigrunnlag. Etter mi meining er dette den viktigaste av alle verdiane våre, for eg er oppriktig uroa over store ulukker og hendingar som kan skade folk, eigedomar og forsyningar til landbruket. Det spelar inga rolle kva for resultat ein skapar dersom ein ikkje gjer det på ein trygg måte.

Mykje av Felleskjøpet si verksemd har høgt risikonivå, noko vi har opplevd med eksplosjonar og brannar ved ulike produksjonsanlegg dei siste åra. Felleskjøpet har òg fleire registrerte personskader enn gjennomsnittet for norsk industri. Det er uakseptabelt. Vi må vere førebudd på at det vil koste, og det set strenge krav til oss sjølve. Men erfaringa seier òg at kostnadane på sikt vil gå ned ved at ein blir betre på det ein gjer. Vi investerer no i prosessovervaking og automatiserer for å fjerne folk frå farlege eller slitsame arbeidssituasjonar. Teknologi kan ordne mykje, men ein tryggare kvardag koker ofte ned til kunnskap, haldningar og eiga oppførsel. Alle må forstå kvifor det er naudsynt å støvsuge endå ein gong for å førebyggje eksplosjonar, eller flytte på storsekken som kan tippe over folk i lagerlokalet.

Vi er ikkje gode nok i dag. Men vi kan – og må – bli det!

«Vi må jobbe godt saman og kan ikkje ha eit høgare kostnadsnivå i drifta enn konkurrentane.»

— Svenn Ivar Fure

Resultat

Felleskjøpet har vakse jamt og trutt dei siste åra, men resultata har vore varierande og stressa oss finansielt. Tørkeåret 2018 etterfølgd av rekordhøge kornavlingar og utbetalingar i 2019 var spesielt krevande. Med klimaendringane må vi forvente at dette kan skje på nytt. For Felleskjøpet må det å vere finansielt robuste og tole ein «støyt» derfor vere ein hovudprioritet i tida framover.

Drifta gjennom 2020 og 2021 har heldigvis vore god og betra situasjonen. Men med høgare innkjøpsprisar aukar kapitalbindinga. Og sjølv med sterke resultat frå aktivitetane våre mot forbrukarane er ikkje inntektene høge nok til å dekke alle nødvendige investeringar i avdelingar, verkstadar, fabrikkar, kornmottak og IT-system. Vi må derfor prioritere hardt og samstundes hente pengar til nyutvikling frå dei verdiane våre forgjengarar har bygd opp i eigedom og tilknytta selskap. No kjem det til nytte.

Vi kjem til å vere veldig forsiktige med å gå inn på nye område. Det vi går inn i må styrke kjerneaktivitetane våre. Historia har lært oss at vi kan få til mykje, men at vi får til mest når det er ein klar samanheng mellom det vi allereie er gode på og det nye vi prøvar oss på.

Betre resultat og finansiell styrke vil gjere det mogeleg å fortsetje å reinvestere i selskapet og betale eit stabilt og forutsigbart kjøpeutbytte til eigarane.

På trass av utfordringane vi møtte vart 2021 eit veldig godt år for Felleskjøpet. Det er takka vere den innsatsen de som tilsette, kundar og eigarar har lagt ned.

Felleskjøpet Agri er eigd av dykk som er medlemmar. Vi som jobbar her er dykkar tilsette. Både i 2022 og i all framtid kjem vi til å jobbe vidare for å styrke økonomien i landbruksverksemda dykkar på kort og lang sikt. Vi kjem til å gjere alt i vår makt for å sørge for gode og rimelege driftsmidlar på same tid som vi utviklar og haustar overskot frå naturleg sideverksemd.