0

Meny

Samling for nye bønder

Vestland Bondelag saman med Felleskjøpet Agri, Gartnerhallen SA, Nortura, Tine og Landkreditt Bank ynskjer å invitere alle nye bønder til ei samling i Øystese 5.- 6. november.

Er du ung, har nyleg tatt over eller skal ta over gard? Bli med på seminaret, treff andre likesinna og ikkje minst få fagleg påfyll i to innhaldsrike dagar! Vi samlast på Hardangerfjord Hotel i Øystese, 5.-6.november, og ynskjer unge bønder spesielt velkomne.

Program fredag 5.november
10.00 – 11.00 Frammøte og registrering
11.00 – 11.15 Velkomen v/møteleiar Marianne Nordhus, nestleiar Vestland Bondelag
11.15 – 12.00 Kvifor samvirke? v/ Gaute Lendvik, administrerande direktør i Norsk Landbrukssamvirke
12.00 – 13.00 Lunsj
13.00 – 13.30 Korleis få pengar til å gro? v/ Peder Skåre, Landkreditt Bank
13.30 – 14.00 Landbruksplast – innsamling og bærekraft v/ Felleskjøpet Agri SA
14.00 – 14.15 Pause
14.15 – 15.00 Dyrevelferd v/Anja Fyksen Lillehaug, seniorrådgjevar i Norges Bondelag og Laura Lundegård Jensen, veterinær Nortura
15.00 – 15.30 Pause med noko godt attåt
15.30 – 16.00 Framtidas energi frå fjøstaket v/Ragnar Tafjord, Klar Energy AS
16.00 – 16.30 Avreise til gardsbesøk
16.30 – 18.00 Gardsbesøk
18.00 – 18.30 Retur til hotellet
19.30 – Middag

Laurdag held seminaret fram med spennande innlegg om mellom anna marknadsmoglegheiter, ny teknologi og HMS i landbruket. Dette er tema som er viktig for vestlandsbonden. I tillegg vert det fokus på verktøy og stimuli for den nye bonden i samtale med Statsforvaltaren i Vestland og Innovasjon Norge. Her kan du stille spørsmål direkte til panelet.

Program laurdag 6.november
09.00 – 09.05 Velkomen til dag to v/møteleiar Marianne Nordhus
09.05 – 10.00 Vekstmoglegheiter og marknadsutvikling v/ Trine Hasvang Vaag, Nortura og Ketil Lerfall, Gartnerhallen SA
10.00 – 10.15 Pause
10.15 – 10.45 Presisjonslandbruk for Vestlandsbonden med ny teknologi v/ Petter Klette, spesialrådgjevar Tine Forsking og fagstøtte
10.45 – 11.45 Laurdagsrådet for den nye bonden v/ Ole-Andreas Smette, Innovasjon Norge, Bjørn Harald Haugsvær Statsforvaltaren i Vestland
Ung bonde med mange spørsmål
11.45 – 12.15 Pause med noko godt attåt
12.15 – 12.45 «Ikkje høyr på far din!» v/ Øystein Tholo, NLR Vest
12.45 – 13.00 Oppsummering og vel heim v/møteleiar Marianne Nordhus
13.00 Lunsj

Klikk her for påmelding og mer informasjon

Tid: fredag 5. november, kl. 10:00 - lørdag 6. november, kl. 14:00
Adresse: Hardangerfjord Hotel , Øystese

Påmeldingsfrist: 08.10.2021 16:00

Betalingspartnere

Legg til snarvei på hjemskjerm?