10.03.2023 | Sindre Flø, seniorrådgiver markedsregulering

​Felleskjøpet Agri marknadsregulator har i dag oppdatert prognosen for tilgang og forbruk av norsk korn og proteinråvarer. Denne følgjer vedlagt.

 

Prognosen viser at tilgangen av norsk korn og oljevekstar samla sett er 20 000 tonn høgare enn prognosert i november. Vi ventar litt mindre fôrkveite, men meir bygg og havre.

 

Oppdaterte tal for foredling av korn hos norske matmjølmøller tyder på at forbruket av matkorn går ned etter ein vekst i perioden med koronapandemi. Det er rekordhøgt forbruk av norsk korn i matmjølet.

 

Prognosen er ikkje grunnlag for vurdering av importkvoter. Ny prognose 10. mai vil vere grunnlaget for siste omgang med tiltak for balansering og for fordeling av importkvoter i denne sesongen.

Marsprognosen