0

- Mindre mjølkefeber med Pluss Mg-rik sau

- Bruk Pluss Mg-rik sau, det er ein kvikkfiks, sa Helsetenesta for sau etter at eg mista fleire sau på grunn av mjølkefeber i fjor, fortel Torhild Finkenhagen Sisjord, sauebonde i Hjartdal i Telemark og rådgjevar i Nortura. 

Bildetekst: Torhild Finkenhagen Sisjord er sauebonde i Hjartdal i Telemark og rådgjevar i Nortura. Foto: Privat

- Vi mista dyr både før og etter lamming og på beitet. Det skjer så fort når sauen blir liggjande, og dei er vanskelege å få på beina att, sjølv om ein gir dei kalk. Det er betre å førebyggje enn å behandle, seier Torhild.

Ho har hatt sau sidan 1996-97 og bygd seg opp til 100 vinterfôra sau, både norsk kvit og spelsau. Sauene får mykje grovfôr, kraftfôr etter hold og lammetal som vert trappa opp med FORMEL Sau Ekstra før lamming, saltslikkestein og Pluss Sau VM-blokk. 

– Mjølkefeber har vore eit problem over tid, som måtte løysast. Norsk kvit sau som har høgt lammetal, gjerne 3-4 lam i magen var utsett. Blodprøvane viste for lite kalk. Eg fekk Felleskjøpet i Bø til å skaffe Pluss Mg-rik sau, sidan dei ikkje hadde på lager, seier Torhild.

– Det har virka bra i år. Vi mista ingen, og vi kjem til å halde fram med magnesiumrik blanding. Eg må presisere at eg ikkje har vitskapeleg grunnlag for å tilrå dette til andre, men for oss virka det positivt, seier Nortura-rådgjevaren.  

Pluss Mg-rik sau har eit høgt innhald av magnesium og er difor eigna til bruk ved ekstra behov for magnesium til dømes ved beiteslepp eller til grovfôr som har høgt innhald av kalium. Tilskotsfôret reduserer risiko for mjølkefeber hos sau og ein kan gje det i fri tilgang. 

Kommentarer