0

Bra resultat med Pluss Ammeku, Vomstabil og Kalvepasta

– Vi har fine dyr, gode resultat og er nøgde med Felleskjøpets tilskuddsfôr, seier Hans Anders Stensrød i Siljan.

Oksane får mykje potet i fôrrasjonen og Pluss Vomstabil for å unngå å bli lause i magen av poteten. Foto: Privat

Han leverer rundt 200 storfeslakt i året med 70 ammeku, egne og innkjøpte kalvar. Dyra er fordelt på to fjøs, og i oksefjøset fôrer han med kraftfôr, potet og rundball. Oksane får Pluss Vomstabil på grunn av poteten.

– Dei nye kalvane blir lause i magen før de får i seg tilskuddsfôret, seier Stensrød.

Pluss Vomstabil inneheld buffer og gjær og vert tilrådd når det er risiko for lav vom-pH, "sur vom" og redusert fibernedbryting. Det kan også være aktuelt til oksar på store kraftfôrmengder, i topplaktasjon, ved opptrapping av kraftfôr og ved fôring med grovfôr med høgt syreinnhold.

– Ammekua får Pluss Ammeku pulver i fullfôret med dosering etter rådgjevaren si anbefaling eller etter appetitt i automatar på beitet, seier Stenrød, som også bruker Pluss Kalvepasta for å styrke immunforsvaret til kalvane.  

Gode resultater med tilskuddsfôr:

Førebyggjer med avl og tilskuddsfôr

 - Vi avlar for at søya ikkje skal få fleire enn to lam for at ho skal klare seg betre og vare lenger, seier Ragnhild Tennebekk Bjørke.

Ho overtok garden til Nils T. Bjørke på Voss i 2018 saman med Olav Hjetland Bringedal. Der bygde sambuarane nytt sauefjøs til buskapen dei hadde med seg frå Uskedalen i Kvinnherad.

Ragnhild Tennebekk Bjørke. Foto privat

– Vi tak prøvar av grovfôret, og vi brukar Pluss Appetitt sau i pulverform blanda i fullfôret alt etter innhaldet i grovfôret. I tillegg får dei kvit saltstein heile året både inne og ute. Frå februar ga vi E-vitamin med selen og biotin for å forebygge lammedødelegheit og for å gje dei eit godt immunforsvar. Etter første år med tilskot i miksen hadde vi berre 3-4 tilfelle av børbetennelse av 300 lammande sau, fortel Ragnhild Tennebekk Bjørke, som synest det er eit godt resultat.

– Vi brukar litt Pluss Energibalanse Tørr 4 gonger i døgnet rett etter lamming om sauen er svekka og slit med å komme i gang med etinga. Det sparer oss for dyrlegebesøk og medisinbruk, seier Bjørke.

Våren 2012 viste ei feltstudie at talet på daudfødde lam hos søyer med tre eller fleire lam vart redusert dersom søyene fekk ekstra E-vitamin dei siste sju vekene før lamming. Minst 470 IE E-vitamin dagleg er tilrådd for denne gruppa.

Pluss Storfe Appetitt i sommarferien

Hos Jan Norvald Steig i Luster har kyrne konsentrert haustkalving, mjølkestopp og fri på sommarbeite i to månader frå midten av juni til midten av august. Likevel har dei 45 årskyrne ei snittavdrått på rundt 8000 liter mjølk.

– Dei får saltstein og Pluss Storfe Appetitt i ein MicroFeeder når dei ikkje får kraftfôr, og eg ser at det blir borte. Veterinæren meiner at mineralstatusen er god, og så får dei dekka mineralbehovet gjennom kraftfôret resten av året. Det blir eit år til med mykje kraftfôr, på grunn av mykje pløgd mark etter flaumen i fjor, fortel Steig, som var i Samvirke med fôrmangel etter den våte sommaren i 2017.

– På vinteren strør eg E-vitaminkonsentrat på fullfôret for å sikre at alle skal få. Eg er redd det blir elles borte i miksaren, seier Jan Norvald Steig.

Kommentarer