Best på ombygging

Saman med prosjektkonsulent Inge Farestveit, har Konglevoll testa produkta i sitt eige sauefjøs og halde ein tett dialog med leverandørane TKS, IAE og Tegle. Både Farestveit og Konglevoll har lang erfaring med driftsbygningar som handverkarar og begge driv sjølve med sauehald 

Utgangspunktet for produktpakka var at Felleskjøpet ønskjer eit sortiment som lett lar seg tilpasse kvart einskild fjøs, anten det er nybyggsprosjekt eller rehabiliteringar. – Ombyggingar av tradisjonelle fjøs er spanande arbeid, produkta vi no har på plass kan gjere sauedrifta i eksisterande bygningar meir rasjonell samt utnytte det arealet kundane våre har på ein betre måte, seier Farestveit. 

Større ro i fjøset 

Med innspel frå Felleskjøpet har TKS utvikla ein kraftfôrstasjon for sau. – Vi har vore veldig medvitne på å utvikle funksjonelle og robuste løysingar, både på innreiinga og fôrstasjonen og har brukt lang tid på å saumfare detaljar på prototypane og diskutere mogelege forbetringar, slår Konglevoll fast. 

Den norskproduserte fôringsstasjonen har eit eige fôringsprogram, der ein kan tildele kraftfôr på individnivå. – Med den nye stasjonen, opplever eg mykje større ro i fjøset og har betre høve til å fokusere på dyrevelferda, seier Konglevoll med eit smil. 

God kvalitet frå tøff marknad 

På innreiing har Felleskjøpet inngått ei samarbeidsavtale med det anerkjente britiske selskapet IAE, som har ein marknadsandel på 50 prosent i Storbritannia. – Dei har vore veldig lydhøyre på våre innspel og vi har blant anna fått utvikla ein serie med lettgrinder, eksklusivt for den norske marknaden, seier Konglevoll. Denne serien kjem til Felleskjøpet-butikkane våren 2018. 

I fjøset har Felleskjøpet testa ut både innreiing, etefrontar, sorteringsutstyr og vektsystemet til IAE. –Drivrenna er viktig i eit moderne sauehald og eg brukar den stort sett i alle rutinar. Vekta frå IAE er enkel og grei, den har vist seg veldig funksjonell saman med lesestaven frå Gallagher, fortel Konglevoll. 

Betre sklisikring 

I delar av fjøset har Konglevoll montert det nye plastgolvet frå Tegle. – I tillegg til å ha unike fester for stål- og trebjelkar, så har det ei god og ru overflate, som gjev betre sklisikring, både for meg og dyra mine. Når vi no får på plass dei siste detaljane på innreiinga, så har vi eit komplett sortiment for ombygging av alle fjøs, anten det er for 40 eller 400 sauer, avsluttar Konglevoll.  

Anders Konglevoll, Produktsjef Småfe

Gulv frå Tegle