Fullt hus og «Ope Fjøs» i Snertingdal

 Her fekk dei frammøtte høyre Arne Fladsrud fortelje om ein god prosess fyrste spadetak til nyoppstarta fjøs. Gråkjær, Felleskjøpet og Tine gratulerte Fladsrud med nytt fjøs og fortalde kva deira rolle i eit slikt prosjekt er. Felleskjøpet planlegger fjøset og leverer innendørsmekaniseringa, Gråkjær er toltalentreprenør av bygget og Tine bidreg med oppstartsrådgiving knytt til oppstart av mjølkeroboten – alle viktige for å få til eit velfungerande fjøs og god drift. Noko dyra ga godt uttrykk for! For sjølv med over 300 besøkande var ingen tvil om at dyra trivdes i det nye fjøset – dei var rolege og utførte sine rutiner med mjølking og drøvtygging som om det å ha besøk var det mest naturlege som kunne skje –eit prov på godt stell og at fjøset fungerar som det skal!

Vegen fram til nytt fjøs

Vegen fram til nytt fjøs har vore lang og Fladsrud har brukt mange år på planleggingsprosessen, noko også fjøset bærer preg av. Her er det satt av god plass til både folk og fe, noko som garantert vil gje eit godt produksjonsmiljø for dyra og ein god arbeidsplass for Lars.

Lars valde Gråkjær som totalentreprenør på bygget og Felleskjøpet som leverandør av all innandørsmekanisering. Prosessen frå oppstart til innflytting fulgte framdriftsplanen til punkt og prikke og det var ein fornøgd gardbrukar som kunne flytte dyra inn i nytt fjøs 26.02. 2016.

Fjøset er planlagd med tre liggebåsrekker på kusida og ei liggebåsrekke for kalvar og ungdyr noko som gjer god utnytting av fôrbrettet. Det er totalt 86 liggebåsar på kusida inkl. sinku- og velferdsavdeling. Kutrafikken er planlagd med FeedFirst, med utskilling til velferdsavdeling i bakkant av mjølkeroboten. Kvota er i dag på 420 tonn.

Frå kontoret har Lars god utsikt over dyra i velferdsavdelinga, mjølkeroboten samt kalvingsbingar og kalvar – dette gjer at ein raskt får eit godt overblikk over dyr ein treng halde eit ekstra auge med.

På ungdyrsida er det 10 bingar til kalvar og ungdyr i tillegg til to MovingFloor for småkalv.

Fjøset er tilrettelagd for framtidig bandutfôring, men utfôringa skjer i dag ved hjelp av minilastar.

Gjødselhandteringa er også effektivisert med gjødselrobot og kanalomrøring er det lite handtering av  møkka før den skal spreiast på jordet

Nortura og Tine stod for grilling og leskande drikke, samt at dei besøkande kunne slå av ein fagprat med representantar frå dei respektive organisasjonar.

Me ynskjer å takke Lars for tilliten med å velje Felleskjøpet og Gråkjær som leverandør og ynskjer dei lukke til i nytt fjøs!

Utstyr levert av Felleskjøpet Agri:

  • DeLaval VMS melkerobot med Feed First kutrafikk
  • DeLaval BCS holdvurderingskamera
  • DeLaval OCC celletallsregner
  • DeLaval Gjødselrobot
  • Delaval innredning , drikkekar og lys
  • Kraiburg liggeunderlag
  • Mafa Unik kraftforsiloer og skruer
  • Skov Ventilasjonsanlegg
  • Landia kanalomrører
  • Moving Floor kalvebinger
  • Felleskjøpet kraftfor

 Last ned tegning av fjøset til Lars Fladsrud (PDF 0,4 MB)

Fasade

Gjødselrobot

Inngang til mjølkerobot

Klart for bandforing

Lyst og trivelig fjøs

Utsikt frå kontoret