25. november publiserte Norske Felleskjøp reviderte sesongprognoser for basisprisar for bygg og matkveite ved prisnoteringsanlegga i sesongen 2019/2020. 

Norske Felleskjøp gjer med dette følgjande endring i gjeldande prisprognose:

  • Basispris for matkveite vert redusert ved at prognosert nedgang startar i veke 9 i staden for i veke 12.
  • Basispris for bygg vert heva ved at prisen går opp 1 øre i veke 9 og står til veke 13 i staden for i som tidlegare prognosert der høgpris stod til veke 10.

Grunnlaget er oppdaterte vurderingar av tilgang etter avrekningane etter nyttår. Endringane vert gjort for å ta ut samanvegde noteringsprisar i samsvar med målpris.

Det ser ut til at det vil bli notert pris for oljefrø under målpris, men det er forventa for små leveringar til at prisendringar kan påverke noteringsprisen.

Oppdatert pristabell er vedlagt. Prisendringane blir også publisert i Bondebladet.

Basisprisar 2019_2020 13 februar.pdf

Prognosen med alle basispriser finner du her: 

PROGNOSE - PRISLØYPER SESONGEN 2019-2020 I FKA -13.02.2020.pdf