19. juni i år publiserte Norske Felleskjøp første sesongprognose for basisprisar ved prisnoteringsanlegga i sesongen 2018/2019.
Vi har i dag bestemt å endre dei prognoserte basisprisane.
Bakgrunnen er at lite kornvolum kombinert med svært tørt korn legg til rette for at ein større andel av kornet enn normalt blir lagra hos bonde for levering etter nyttår. Dette aukar sjansen for overnotering.

Følgjande endringar i forhold til juniprognosen blir gjort:

  •  Basispris for bygg blir redusert frå og med veke 42 og slik at høgaste sesongpris blir redusert med 3 øre pr kg.
  •  Basispris for matkveite blir redusert frå veke 43 og slik at høgaste sesongpris blir redusert med 2 øre pr kg.
  •  Basispris for oljefrø vert redusert med 4 øre frå veke 40.

Last ned prognose - prisløyper sesongen 2018-2019 I FKA(136kb) - 14.09.2018.pdf