Norske Felleskjøp har oppdatert prognosen frå 13. august. Det er innhenta oppdaterte anslag for avling pr. dekar frå Norsk landbruksrådgiving. Arealprognosen er justert forsiktig for endra estimat for omsådd haustkorn. Prognosane for forbruk av matkorn og fôrkorn er oppdatert.
Prognosane viser at forventa tilgang er justert opp litt; med 28 000 tonn sidan august. Auken er i alt vesentleg for kveite, medan dei andre kornslaga er justert i mindre grad. Forbruket av kraftfôr er prognosert litt ned. På grunn av nedjustert forventa andel matkorn i kveiten, er behovet for reguleringstiltak redusert frå 94 000 tonn i august til 60 000 tonn. Av dette er 51 000 tonn føresett omdisponert til fôr, medan 9 000 tonn vil bli vurdert overlagra. Desse tala gjeld for sesongen samla og vil førebels vere usikre.
Norske Felleskjøp vil i løpet av veka vurdere kor stor andel av estimert overskott av klasse 5 som bør leggast ut for tilbod med bakgrunn i denne prognosen.

Prognose-september-2019.pdf