Vedlagt følgjer den første prognosen for tilgang og forbruk av korn i sesongen 2019/2020. Prognosen for tilgang er basert på estimat av areal og avling pr. dekar.
Prognosen tilseier god tilgang av norsk korn og proteinvekstar; 3,4 prosent over gjennomsnittet av avlingane i perioden 2014-2017. Da er ikkje det svært dårlege året i fjor, med omlag halv avling på grunn av tørken, rekna med.
Behovet for å importere kornråvarer blir difor mindre enn vanleg. Andelen matkorn er sett med utgangspunkt i historiske data, men dette vil avhenge av at kornet kjem i hus i tide i vekene framover. Andelen hausta som matkorn er førebels usikker. Det er svært stor andel av kveiten som vart sådd i fjor (haustkveite) og det vil truleg bli overskott av desse sortane (klasse 4 og 5). Eventuelle overskott vil bli handtert gjennom marknadsreguleringa som overlagring til neste sesong eller som omdisponering til bruk i kraftfôr.
Forbruket av matkorn hos norske matmjølmøller går ned, særleg for matkveite. Også forbruket av kraftfôr går ned, men frå eit ekstra høgt nivå i 2018/2019.

Prognose for tilgang og forbruk av norsk korn for sesongen 2019-2020.pdf