Prognosen for tilgang er basert på estimat av areal og avling pr. dekar. Prognosen tilseier ein tilgang av norsk korn og proteinvekstar som er om lag som femårssnittet. Andelen av avlinga som innfrir krava til matkorn er førebels usikker. Andelen matkorn er sett med utgangspunkt i historiske data.

Forbruket av matkorn hos norske matmjølmøller har gått ned i mange år, særleg for matkveite. I den kommande sesongen er det teke omsyn til at forbruket innanlands har auka og at effekten for heile sesongen er om lag uendra forbruk i forhold til i fjor. Forbruket av kraftfôr er samla sett prognosert om lag uendra, totalt sett.

Prognose august 2020.pdf