Prognosen for tilgang er basert på estimat av areal og avling pr. dekar. Prognosen tilseier ein tilgang av norsk korn og proteinvekstar som er litt over tilgangen i 2020 og 10 % over femårssnittet. Andelen av avlinga som innfrir krava til matkorn er avhengig av vêret framover og er førebels usikker. Andelen matkorn er sett med utgangspunkt i historiske data.

Med den gode tilgangen av proteinsterk matkveite, er det grunn til å vente at det blir behov for regulering av slik vare i form av overlagring til 2022/2023.

Haustkveitesorten Ozon vil for ein stor del bli overskytande på grunn av kvalitetseigenskapane og det blir eit overskott som kan regulerast til bruk i kraftfôr. Kornhandlarane vil frå neste sesong ikkje kjøpe denne sorten som matkorn.

Prognose august 2021.pdf