0

1130x400 Vestnes fabrikk.jpgVelkommen til Vestnes

Felleskjøpet sine tilsette og fabrikken på Vestnes står klare for å ta imot dine kraftfôrbestillingar! 

Historikk

1980: ANS Møre og Romsdal Kornsilo vart etablert av Felleskjøpet Nordmøre og Romdal og Møre FK. Ny fabrikk med tilhøyrande siloar vert bygd i Vestnes kommune.
1982: Driftsstart kraftfôrproduksjon.
1985: Oppstart fiskefôrproduksjon.
1980 - 1990 talet: Beredskapslagring av matkveite.
1990 talet: Fiskefôrdelen vart seld ut av selskapet – fortsatt fiskefôrproduksjon ved fabrikken.
2000: Møre FK fusjonerer med Felleskjøpet Øst Vest
2002: Slutt på fiskefôrproduksjon ved fabrikken.
2015: Felleskjøpet Nordmøre og Romsdal fusjonerer med Felleskjøpet Agri.
2016: ANS Møre og Romsdal Kornsilo fusjonerast inn i Felleskjøpet Agri.

 

Produksjon og forsyning av kraftfôr

Vestnes produserer drøv-, svine- og fjørfefôr for levering i bulk, små- og storsekk. I tillegg er her kornmottak for produsentkorn.

Til no har Vestnes forsynt Felleskjøpet Agri sine kundar i Møre og Romsdal, samt delar av Nordfjord. Sekkevarer distribuerast i tillegg til andre områder ut over dette. Drøvtyggarfôr utgjer det største volumet, men også svine- og fjørfefôr er viktige produksjonar på Vestnes.

Årsvolum kraftfôr

Samlet volum av kraftfôr produsert i 2019 var i overkant av 80 000 tonn, mens den i 2018 var på ca. 81 000 tonn. Dette produserast på 2 presselinjer, som har reservekapasitet ved å effektivisere driftstida til produksjon. Etter flytting av produksjon frå Florø vil vi produsere ca. 110 000 tonn pr år.

Personal, HMS, kvalitet og hygiene

Høg fagleg kompetanse og lang erfaring i produksjonsmiljøet vårt, saman med god og kontinuerleg prosessovervaking, er viktig for å sikre kvaliteten på ferdigfôret som vert levert frå fabrikken.

Avdelinga har per i dag 16 tilsette og ein lærling. Frå hausten er det to lærlingar. Alle tilsette i produksjon, lager og vedlikehald har relevante fagbrev. Vi er ei godkjend lærebedrift innan kjemiprosessfaget, industrimekanikar og produksjonsteknikkfaget.

I 2012 gjekk vi over til å nytte naturgass (LNG) i staden for fyringsolje til produksjon av damp. Naturgass har lave utslepp av NOX og CO2 og ingen utslepp av svovel.

Felleskjøpet Agri har i mange år vore sertifisert etter leiingssystemet for kvalitet (ISO 9001). Frå i år vil vi og veret sertifisert etter leiingssystemet for miljø (ISO 14001). Fabrikken produserer etter Mattilsynets regler for fôrproduksjon. I tillegg vert jamn kvalitet sikra gjennom heile prosessen ved at vi nyttar automatisk styring og datafangst for kontroll og sporing.

Vi står på kvar dag for å sikre at våre kundar vert nøgde med fôret vårt. På vegne av alle oss her på Vestnes vil eg ønskje alle nye kraftfôrkundar velkommen til oss!


Med vennleg helsing

Arne Magnar Lyslo

Fabrikksjef Vestnes

Arne Magnar Lyslo - Vestnes.jpg