0

1130x400 Vaksdal.jpg

Velkommen til Vaksdal

Felleskjøpet sine tilsette og fabrikken på Vaksdal står klare for å ta imot dine kraftfôrbestillingar! Les vidare for å verte litt betre kjend med oss.

Historikk

1966: Kjøp av fallrettar for å starte mølledrift.
1971: Oppstart matmjølsmølle.
1954: Oppstart av kraftfôrproduksjon.
1961 Oppstart pastaproduksjon.
Fra midten av 1970 talet: Testing av, og sidan produksjon av fiskefôr (flytta ut i 1996)
1979: Ny kraftfôrfabrikk står ferdig.
1998: Oppstart produksjon av kjæledyrfôr (i eigen produksjonseining).
1999/2000: Fabrikken på Vaksdal vert ein del av Felleskjøpet, i samband med at Felleskjøpet Øst Vest kjøper Stormøllen AS i desember 1999.

Produksjon og forsyning av kraftfôr

Vaksdal produserer drøv-, svine- og fjørfefôr for levering i bulk, små- og storsekk. I tillegg produserast kjæledyrfôr, hestefôr samt tilskuddsfôr, begge delar i små- og storsekk.

Til no har Vaksdal forsynt Felleskjøpet Agri sine bulkkundar i områda mellom Hardangerfjorden og Sognefjorden, inkludert delar av Sogndal og Luster kommunar nord for fjorden. Sekkevarene går i tillegg til eit vidare forsyningsområde. Drøvtyggerfôr utgjer det største volumet, men svine-, fjørfe-, heste- samt pelletert tilskuddsfôr er og viktige produksjonar på Vaksdal.

Årsvolum kraftfôr

Samla volum av kraftfôr produsert i 2019 var i overkant av 67.000 tonn, mens den i 2018 var på ca. 73.000 tonn. Dette produserast på 3 presselinjer, som har reservekapasitet. Etter flytting av produksjon frå Florø vil vi produsere i overkant av 80.000 tonn kraftfôr.

Personal, HMS, kvalitet og hygiene

Høg fagleg kompetanse og lang erfaring i produksjonsmiljøet vårt, saman med god og kontinuerleg prosessovervaking, er viktig for å sikre kvaliteten på ferdigfôret som vert levert frå fabrikken.

Totalt er det 45 årsverk ved Felleskjøpet på Vaksdal. Disse er fordelt på silodrift, produksjon av kraftfôr, produksjon av kjæledyrfôr (blant annet Labb og Appetitt), tapping, lagerdrift, samt vedlikehald. Andelen tilsette med fagbrev er høg. I tillegg er det no fire lærlingar ved avdelinga. Vaksdal er godkjent lærebedrift innan fagområda næringsmiddelproduksjon, produksjonsteknikk, logistikk og industrimekanikk.

I tillegg er fleire av dei tilsette og engasjert i silo- og logistikktenester for Felleskjøpet Agri si dotterbedrift Norgesmøllene på Vaksdal, som er storprodusent av matmjøl. Vaksdal handterer og gjødsel, kalk og ensileringsmiddel.

Felleskjøpet Agri har i mange år vore sertifisert etter leiingssystemet for kvalitet (ISO 9001). Frå i år vil vi og verte sertifisert etter leiingssystemet for miljø (ISO 14001). Fabrikken produserer etter Mattilsynets reglar for fôrproduksjon. I tillegg vert jamn kvalitet sikra gjennom heile prosessen ved at vi nyttar automatisk styring og datafangst for kontroll og sporing.

Vi står på kvar dag for å sikre at våre kundar vert nøgde med fôret vårt. På vegne av alle oss her på Vaksdal vil eg ønskje alle nye kraftfôrkundar velkommen til oss!


Vennleg helsing


Geir Hanevik
Fabrikksjef Vaksdal

Legg til snarvei på hjemskjerm?