Vatn, grovfôr og miljø er forhold som er viktige for god tilvekst på kalven. Kalvar har eit stort tilvekstpotensial berre den har det bra. For å få ein god start bør kvigekalvar vekse 700-750 g/dag. For kvigekalvar er god tilvekst i starten viktig for seinare mjølkeyting og for oksekalvar vil dei raskare nå slaktevekt. Så her er det pengar å tene på at dyra har det best mogleg.

Vatn

Vatn er eit viktig fôrmiddel som kanskje blir litt gløymd. Alle dyr skal sjølvsagt ha tilgang på friskt drikkevatn til ein kvar tid. For småkalvar kan ein gjerne fylle ei bøtte med lunka vatn, som ein skifter minst ein gong i døgnet. Temperert vatn fremjar vassopptaket. Ved bruk av niplar eller drikkekar er det viktig å sjå at kapasiteten er på minst 3 l/min og at dei er reine.

Grovfôr

Før kalven har vorte drøvtyggjar har grovfôr ein liten fôrverdi, da det har ein låg fordøying og dermed gir lite energi. Kalvane skal likevel ha grovfôr tilgjengeleg frå starten av. Grovfôr utviklar ikkje vomma, det er det kraftfôr som gjer. I starten er grovfôret sin funksjon å gi skureeffekt på vomveggen for å unngå dårleg absorpsjon av næringsstoff. Grovfôr stimulerer òg utviklinga av muskelsamantrekningane i vomveggen som for utvikla drøvtyggarar sørgjer for elting av fôret, og gjer at dyret kan gulpe opp fôr og tyggje fleire gongar. Spyttproduksjonen blir òg stimulert av grovfôret. Spyttet er viktig for pH-reguleringa i vomma og spyttet inneheld òg fordøyelsesenzym. Det grovfôret som er best egna til kalv er fint høy på grunn av god smakelegheit og fysisk struktur. Smakeleg surfôr kan òg brukast. Da kalven har eit avgrensa fôropptak er det viktig med eit tidleg hausta og velgjera grovfôr til kalv, slik at Fem-konsentrasjonen er høg og smaken god. For at kalvane skal få appetitt på grovfôret, er det viktig at dei får nytt grovfôr minimum ein gong i døgnet og at alt av gamle restar blir fjerna.

Miljø

Reint, isolerande, drenerande, tørt og tett liggeunderlag i bingen er viktig. Strø gjerne med halm, slik at kalven kan leggje seg ned med halmen som «teppe». Fram til kalven er 6 mnd har den ikkje nokon stor varmeproduksjon frå vomma, slik eldre dyr har. Kalvane er sosiale og likar å vera i lag med andre kalvar, men gruppene bør ikkje vera for store for å unngå for høgt smittepress. 3-5 kalvar er ideelt, maks 10 individ i ei gruppe. Sjuke kalvar bør takast ut av gruppa for å unngå spreiing av sjukdom. Dyr innan ei gruppe bør helst vera født innan 2-4 veker.

Trekk og temperatur er noko kalvane er meir ømfintlege for enn vaksne dyr. Ventilasjon er viktig, men la gjerne kalvane få eit eige tilpassa miljø ved å skjerme dei frå trekk og tilpasse temperaturen. Eige tak over bingen for å lune bingen kan vera aktuelt. Varmelamper/terassevarmarar festa i taket kan vera tiltak for å få eit lunt miljø, dette gjeld særleg for kalvar yngre enn 4-6 veker. Tilrådd temperatur for kalvar oppstalla inne er 8-12 °C. Unngå for høg luftfuktigheit, 60-80 % er tilrådd. Kaldt og tørt er betre enn varmt og fuktig. Reinhald er viktig og at arealet er stort nok. Det er ein fordel om heile bingar blir tømt samtidig, slik at skikkeleg reinhald blir enklare. Kalveboksar som blir bruka i starten må òg vaskast ordentleg mellom kvar kalv. Jo større areal, jo mindre smittepress.

Siste nytt frå forskinga

Ny forsking frå Veterinærinstituttet (Ellingsen, Mejdell, Larsen, Ottesen og Grøndahl) viser at kalvane kan drikke større mengder mjølk per fôring enn det tidlegere har vorte tilrådd. Dette er fordi løypen er veldig fleksibel og at det ikkje renn over til vomma og rotnar. Det som er viktig om ein gir kalvane store mengder mjølk (over 2-3 liter) per fôring, er at kalven drikk frå smokk som ikkje gir for rask drikkehastigheit.

Det var Tilde Sæther sin eksamensoppgåve frå Steinerskolen i Trondheim i 2008, som gav ideen for vidare forsking på dette. Ho fekk lov å slakte 8 kalvar på heimgarden på Hitra og fylte magesekkane (løypen) med vatn, vog og målte. Da fann ho ut at dei romma over fem liter, så da fekk ho bekrefta det ho såg i praksis. At kalvar som gikk i lag med ammemor, drakk store mengder med mjølk og dei hoppa, dansa og voks veldig bra. Dette i motsetning til det lærebøkene fortalde, at kalvane ikkje skulle tåle meir enn 2-3 liter per fôring.

Veterinærinstituttet har no bekrefta dette i ein eigen studie der dei lånte seks kalvar på tre-fire veker. Desse kalvane fekk mjølk tilsett kontrastmiddel, og det vart teke bilete av magesekken før, under og etter inntak for å sjå kvar mjølka vart av. Fire av seks kalvar drakk meir enn fem liter, og ein kalv drakk heile 6,8 liter på ein gong. Røntgenbileta viste at løypen utvida seg etter kvart som kalvane drakk og at ingenting kom over i vomma slik ein tidlegare har trudd.

Det er kanskje det at kalvar tidlegare gjerne drakk mjølk frå bøtte og drakk veldig fort opp som er bakgrunnen for denne «sannheita» at kalvar ikkje tåler så mykje mjølk i ei tildeling. At ein ved smokkefôring, kan gi større mengder per fôring, gjer at det ikkje blir meirarbeid å fôre kalvane med meir mjølk/mjølkeerstatning. Og er da lettare gjennomførbart.

Dei første 3-4 vekene kan ikkje kalvar kompensere lite mjølk med større opptak av kraftfôr eller grovfôr. Så det er særleg i desse første vekene mykje mjølk/mjølkeerstatning er viktig for god tilvekst. Etter den første månaden kan ein trappe ned mjølk/-erstatning for å få større kraftfôropptak. Når ein kalv tek 1 kg kraftfôr ved 6-8 veker kan den avvenjast mjølk.