På Vestlandet var dette særleg merkbart i år. Snømengdene var unormalt store, fjellbeitet blei seint klart og framleis ligg det mykje snø att i fjellet. Forhåpentlegvis kan dette føra til at det er nytt beite tilgjengeleg gjennom sommaren, etter kvart som snøen smeltar. Med tanke på at det har vore ein våt og kald sommar over store delar av landet er det grunn til å tru at det også i år er behov for sluttfôring av lam som ikkje er slaktemodne.

Ulike fôringsløysingar

For sluttfôring av lam er det viktig å ha høg fôrstyrke. Då legg lamma fort på seg og det går færre fôreiningar med til vedlikehald. Skal lamma gå på beite må beitet vera av svært god kvalitet. Eit anna alternativ er å setja lamma inn og fôra med grovfôr og kraftfôr. For å oppnå høgast tilvekst er det gunstig å gje fri tilgang på kraftfôr. Dette går fint dersom ein følgjer godt med, sørger for at det aldri går tomt for kraftfôr, at dyra alltid har tilgang på nok og friskt vatn og at lamma har tilgang på eit smakleg grovfôr (beite, høy eller surfôr). Det  bør også vurderast om lamma skal vaksinerast mot pulpanyre.

For ei arbeidseffektiv og hygienisk utdeling av kraftfôr på beite kan ein bruka ein kraftfôrautomat. Desse har Felleskjøpet i 122 cm og 240 cm. Ta kontakt med di avdeling eller sjå i nettbutikken vår https://www.felleskjopet.no/Sok/kraftforautomat-lam-122cm-50215926

Til lam på intensiv oppfôring tilrår me kraftfôrblandinga FORMEL Lam. Dette kraftfôret er fiberrikt, noko som tek godt vare på magen, og høver difor godt i store mengder. Det har eit høgt protein-innhald, som gjev høg tilvekst.

Ved fri tilgang på kraftfôr er det svært viktig at lamma alltid har tilgang på friskt og nok vatn, samt at det aldri går tomt for kraftfôr. Følg godt med.

Ein kan oppnå god tilvekst også utan å ha fri tilgang på kraftfôr. Dersom du skal tildela kraftfôr manuelt, ver nøye med at alle dyra har ein eteplass kvar, anten du strør kraftfôret etter deg på beite, eller fôrar inne. Del opp rasjonen til dyra slik at dei ikkje får meir enn max 0,3 kg per dyr per tildeling. Gjennom å tildela ofte og lite, gjev du vom-mikrobane gode kår og dette er ideelt for fôr-utnyttinga.

Ved innsett

Til søyer som har behov for kraftfôr ved innsett tilrår me FORMEL Sau. Dette er ei prisgunstig blanding å bruka gjennom vinteren. Dersom du veit at du har for lite fôr, start planlegginga no! På Vestlandet har mange beita store delar av førsteslåtten sin. Det er sjølvsagt aktuelt å kjøpa grovfôr. FORMEL Sau Intensiv og FORMEL Fiber Grovfôrmangel er også aktuelle grovfôrerstattarar.

Ta gjerne kontakt med din fagkonsulent for fôrplanlegging.

Lukke til med hausten!