Den viktige råmjølka

Kalven er frå naturens side født heilt utan immunstoff. Den første råmjølka inneheld betydeleg meir IgG (Immunglobulin) enn mjølk frå seinare utmjølkingar, derfor er denne mjølka veldig viktig. Bruk gjerne eit kolostrometer for å måle kvaliteten på råmjølka og ha alltid råmjølk av god kvalitet i frysaren som kan brukast ved behov. Kalven bør sikrast så mykje mjølk den vil ha så raskt som råd etter kalving. Minimum 2-3 liter råmjølk av god kvalitet innan 2 timar.

Mjølk eller mjølkeerstatning

Om det er mjølk eller mjølkeerstatning kalven skal få når råmjølka er oppbrukt, avheng av strategien på den enkelte gard. Om det er kvotefylling eller ei, og kor raskt ein vil at kalvane skal vekse. Det fungerer veldig bra å fôre kalvane med mjølkeerstatning direkte etter råmjølksperioden. Kva type du skal velje er litt etter kva plan du har for dine kalvar. Desse typane med mjølkeerstatning til kalv er det vi tilbyr:

Pluss Alma Pluss Rustik Pluss Kavat

Grei tilvekst

  • Basert på norsk mysepulver
  • 21% protein
  • Til bøtte- og automatfôring

God tilvekst

  • 23% protein
  • Til bøtte- og automatfôring

 

  • Intensviv mjølkefôring
  • 26% protein
  • Spesielt godt egna til automatfôring

 

Figur Melkeerstatninger

Næringsinnhaldet er ulikt i dei forskjellige mjølkeerstatningane våre. Pluss Kavat har høgast proteininnhald og vil gi raskast tilvekst.

I økologisk produksjon skal alle kalvar die mora i minst tre dagar, deretter skal dei få naturleg mjølk i tre månader. Den første levemånaden er det krav om smukkfôring om kalven ikkje ammar.Kraftfôr til kalv

Allereie frå første veka bør kalvane få tilgang på kraftfôr. Kraftfôr stimulerer raskast til at kalven skal tyggje drøv tidleg. Her er våre kalvekraftfôr:

FORMEL Kalv Pelletert kalvefôr. Smakeleg kalvekraftfôrblanding som er spesielt tilpassa kalv. Vi tilrår å gi FORMEL Kalv fram til kalven er 3-4 månader.
Natura Drøv Start Pelletert økologisk kraftfôr til unge drøvtyggarar. Vi tilrår å gi Natura Drøv Start fram til kalven er 3-4 månader.

Vatn og grovfôr

Kalven må heile tida ha fri tilgang på friskt vatn. Gjerne som lunka vatn i bøtte som blir bytta kvar dag. Fint høy eller surfôr av god kvalitet må og kalven ha tilgang til. Grovfôret bør plasserast slik at kalven ikkje dreg det ned i boksen/bingen og deretter et fôr som er forureina med møkk.

Godt miljø

For at kalven skal vekse og trivest er det òg viktig at kalven har nok plass, lys og luft. Liggeplassen skal vera behageleg å liggje på: trekkfri, tørr og stor nok.

La endringane (av fôr, binge, avhorning etc.) i kalvens liv skje gradvis, helst berre ei endring i veka. 

Link til Temaark - Fôring for god kalvehelse (PDF 1,5 mB)

 

Dersom du har spørsmål om kraftfôr og fôring er din lokale fagkonsulent tilgjengelig for spørsmål.