Blant dei viktige faktorane for kva strategi som passar ditt bruk er rase, fjøsplass, tilgangen på oksekalvar og tilgjengelege grovfôrressursar.

NRF i dag

Gjennomsnittleg slaktealder for NRF-oksar frå Storfekjøttkontrollen i 2012 er 18,4 mnd. Slaktevekta ligg på 297 kg i snitt, noko som tilsvarar vel 600 kg  levandevekt. Det er mykje å gå på for å auke lønsemda i norsk oksekjøtproduksjon.

Rase og optimal slaktealder

Berekningar frå mange års slaktedata frå Staur teststasjon, storfekjøttkontrollen og danske forsøk viser at optimal slaktealder for tunge rasar er 14 månader for Limousin og 16 månader for Charolais og Simmental med levandevekt ved slakting på ca. 700 kg. Dette gjelder ved høg grovfôrkvalitet (FEm=0,90).

Dei lette rasane som Hereford og Aberdeen Angus bør ha ein meir moderat framfôring for å unngå for tidlig feittavleiring. Optimal slaktealder for desse er på 14 månader og med ei levendevekt ved slakting på ca. 550 kg. NRF ligg i ei mellomstilling når det gjelder feittavleiring, og optimal slaktealder ser ut til å være 14 månader og ca. 580 kg levendevekt ved slakting.

Godt grovfôr løner seg

Ein okse responderer veldig bra på godt grovfôr. Godt grovfôr betyr høg tilvekst på mindre kraftfôr. Kortare framfôringstid sparar både kraftfôr og grovfôr og gir raskare plass til nye dyr i fjøset. Det er viktig å velje fôringsintensiteten som gir best totaløkonomi i besetninga.

 Figur som viser riktig mengde kraftfôr til NRF

Kraftfôret tilpassa godt grovfôr

FORMEL Biff Kompakt er eit kraftfôr tilpassa til oksar som får godt grovfôr. Den har ein god del stivelse og ikkje så mykje fiber da det av dette kraftfôret ikkje skal giast meir enn maks 3 kg per dag. Proteininnhaldet og –kvaliteten er òg tilpassa eit godt grovfôr. Energiinnhaldet er høgt. Mineralinnhaldet er òg høgt og dekkjer oksanes behov ved 1,5 kg/dag. Ved høgt grovfôropptak (>1,5 kg TS per 100 kg levandevekt) og bruk av FORMEL Biff Kompakt kan oksane oppnå svært god tilvekst. Den er mest aktuell til dei lette rasane og NRF.

Figur som viser riktig mengde kraftfôr til tunge kjøttraser

 

Utnytte tilvekstpotensialet på tunge rasar

Dei tunge rasane treng meir kraftfôr for å utnytte tilvekstpotensialet sitt. FORMEL Biff er eit kraftfôrslag som dekkjer godt opp proteinbehovet til desse rasane fram mot slakting. FORMEL Biff passar òg til NRF og lette rasar ved bruk av grovfôr som ikkje har topp energi- og proteininnhald. Ved bruk av svært energifattig grovfôr eller ved grovfôrmangel er FORMEL Biff Intensiv eit alternativ.

Har du spørsmål om kraftfôr og fôring, er din lokale fagkonsulent tilgjengelig for spørsmål.