For oksar, kviger før drektigheit og mjølkekyr er grovfôr som er hausta ved byrjande skyting best, fordi ein da får høgt innhald av energi og protein. Byrjande skyting er definert slik: Ein del av akset er synleg på minst 10% av skota. Det betyr at når ein ser toppen av nokre få aks så er tida inne.

Høgt grovfôropptak

Eit grovfôr som både er slått til rett tid, gjerne fått fortørka til rundt 30% TS,  og som ein har fått ein god ensilering på må òg brukast rett for å nytta verdien av dette best mogleg. Her kjem driftinga av fjøset inn. Har dyra som skal mjølke og vekse tilgang på det grovfôret dei skal ha døgnet rundt? Er det 16 timar lys (200 lux) for best mogleg fôropptak? Kjem dyra seg til fôrbrettet når dei vil, eller møter dei utfordringar som glatt golv, dyr med høgare rang i vegen, plagande innreiing etc.?

Grovfôropptaket varierer veldig mykje på ulike bruk. Ein må heller ikkje gløyme substitusjonseffekten mellom kraftfôr og grovfôr. Desto meir kraftfôr kua får, jo mindre grovfôr greier ho å ta opp. Ved godt grovfôropptak kan ein bruke eit kraftfôr som inneheld meir norsk korn, fordi ein da ikkje treng så store mengder. Desse stivelsesrike kraftfôrtypane, som FORMEL Energi Basis, FORMEL Favør og FORMEL Biff Kompakt er òg rimelegare per kg enn dei med meir importråvarer.

50 000 kroner å spare

Med eit grovfôr med 0,91 FEm/kg TS kontra eit grovfôr med 0,82 FEm/kg TS kan ein bruke eit rimelegare og meir stivelsesrikt kraftfôr og mindre mengde. Ved 20 kyr og eit buskapsmiddel på 8500 kg mjølk, betyr ca. 50 000 kroner spart i året. Oksar responderer òg veldig bra på godt grovfôr, så det same gjeld her. Har ein eit tidleg hausta fôr til oksane, kan ein bruke ein stivelsesrik kraftfôrtype som er rimelegare og bruke mindre mengder. Tilveksten kan bli likså bra og ein sparar pengar. Sjå tabell 1 og 2 under.

Rett slåttetid

I praksis er det jo vêret som styrer når slåtten kan takast. Det er viktig og vera «på» når vêret er der. Er det ein godvêrsperiode når slåtten nærmar seg, og graset ikkje er særleg langt unna byrjande skyting, kan det vera smart å få unna slåtten før regnet kjem. Slår ein for tidleg vil avlinga bli betydeleg mindre enn om ein ventar noko. Så har ein avgrensa areal i forhold til dyretal, må sjølvsagt dette inn i vurderinga om slåttetid, slik at ein har nok grovfôr gjennom innefôringssesongen. For sinkyr, inseminerte kviger og ikkje minst vaksne ammekyr er det ein stor fordel med seinare hausta fôr.

Ensilering – god gjæringskvalitet

Har ein fått til energi- og proteinrikt grovfôr så er det viktig å ta vare på det. Ved å bruke syremiddel, tek ein betre vare på sukkeret. Høgt sukkerinnhald gir eit meir smakeleg fôr som gir betre fôropptak, sukkeret brukast òg til produksjon av mikrobeprotein i vomma. Forsøk frå Sveriges Landbruksuniversitet viser at ein ved bruk av ensileringsmiddel beheld meir av det vomstabile råproteinet som er i graset og som under ensileringsprosessen blir mindre nyttbart. Berekningar viser at dette utgjær 0,5-0,6 kg kraftfôr per ku per dag.

Tabellen viser at godt grovfôr gir lavere fôrkostnad:

Rase NRF NRF
Startvekt 150 150
Sluttvekt 580 580
     
Kraftfôrsort FORMEL Biff FORMEL Biff Kompakt
Kraftfôrtildeling Fast menge Fast mengde
Mengde, kg/dag 3,74
(opptrapping til 4 kg)
1,50
     
Grovfôr, FEm/kgTS 0,82 0,91
Justering, grf-opptak 95 95
     
Pris, grovfôr, kr/FEm 1,50 1,50
Pris, kraftfôr kr/kg 3,35 3,53
Pris, slakt kr/kg 47,03 47,03
     
Grovfôropptak, kg TS/100 kg 1,29 1,94
     
Tilvekst, gj.snitt 1225 1295
Dagar framfôring 351 332
Månader framfôring (frå 150 kg) 11,5 10,9
     
Grovfôr, FEm 1191 1882
Grovfôr, kg TS 1452 2068
Kraftfôr, kg 1314 498
     
Slakteinntekt 14184,248 14184,248
Fôrkostnad 6192 4670
Startverdi, livdyr 4890 4890
(Slakt - fôr) / dyr 3103 4624
(Slakt - fôr) / dag 8,84 13,93
  Forskjell Oksar/år Totalsum:
(Slakt - fôr) / dyr 1521 20 30428
(Slakt - fôr) / dag 5 20 102

Tabell 1. Ved eit 0,82 FEm grovfôr i lag med 4 kg FORMEL Biff kontra eit 0,91 FEm-grovfôr i lag med 1,5 kg FORMEL Biff Kompakt gir vel så god tilvekst og gjer at du sitt at med meir. Slakteinntekt og startverdi er ikkje nøyaktig sett, men det gir i alle fall eit likt samanlikningsgrunnlag.

Eksempel mjølkeku, buskapsmiddel 8500 kg mjølk:

Dagar
etter
kalving
Antatt
dags-
yting
Surfôr
0,82
FEm/kg TS
FORMEL Energi
Premium 80
Dagar
etter
kalving
Antatt
dags-
yting
Surfôr
0,91
FEm/kg TS
FORMEL
Energi 
Basis 90
  kg EKM Kg Kg   kg EKM Kg Kg
30 * 40 41 16,2 30 * 40 55 14,0
60 38 41 15,4 60 38 55 13,2
90 36 41 14,30 90 36 55 12,1
120 34 41 13,20 120 34 55 10,9
150 31 41 12,1 150 31 55 9,8
180 29 41 10,9 180 29 55 8,6
210 26 41 9,7 210 26 55 7,4
240 24 41 8,40 240 24 55 6,0
270 21 41 7,0 270 21 55 4,5
300 17 41 5,3 300 17 55 2,8

* under opptrapping                         22% TS i grovfôret

Fôrkostnad   15683                                                                                                                        Fôrkostnad   13207
Sum Krf kg    3372                                                                                                                        Sum Krf kg    2678 

                                                          Forskjell         Kyr             Totalsum
                                                             2477                20                49530,5

Tabell 2: Ved 20 kyr blir summen da knappe 50 000 kr. Det er rekna med eit grovfôropptak på 9 kg TS med 0,82 FEm grovfôret og 11 kg TS ved 0,91 FEm grovfôret. Dette er altså høyst reelle tal og det er meir å gå på ved å sjå meir på grovfôropptaket.

 Artikkelen står på trykk i Samvirke nr 5, 2016.