I foredraget fokuserer Lilleengen på tiltak som er med på å forlenge levetida til enga og å oppretthalde eller auke fôrkvaliteten. – Ei tett eng utan hol minskar graden av forureiningar i fôret. Vidare vil ei bra og tilpassa blanding av kløver og grasarter påverke ikkje berre fôrmengda, men og kvaliteten, gjennom betre energi- og råproteininnhald, seier han.

Suppleringssåing

Lilleengen tek i foredraget føre seg årleg vedlikehald og suppleringssåing med langfingerharv. Han greier mellom anna ut om føresetnader, val av reiskap og tidspunkt for suppleringssåing. – Føremonet med suppleringssåing er at utdøydde edelgrassortar kan erstattast målretta i retning mot endå høgare kvalitet og avkastning på fôret, forklarar Lilleengen.

Gevinst

Gevinsten med å stelle enga kvart eller anna kvart år er mellom anna redusert jordbearbeiding før nyetablering, betre jordstruktur og betre grovfôrøkonomi. Delta på foredraget og lær meir om engfornying.