Konferansen går av stabelen 31. mai til 3. juni og allereie på fyrste sesjon den 31. mai skal Røflo halde sitt foredrag.

– Det er flott at Felleskjøpet vert invitert til å halde innlegg på ein slik konferanse. Eg tenker å dreie min presentasjon inn mot at Felleskjøpet både tar lokalt og internasjonalt ansvar. Vidare er eg opptatt av å vise at vi legg kunnskap til grunn for våre vegval. Ikkje minst er det viktig å få fram at om ein skal lukkast med bærekrafts-arbeidet må ein også tene pengar, fortel Røflo.

Felleskjøpa har vald rett strategi

På konferansen er alle FN sine medlemsland representert med to personar kvar, dei fleste med ei eller anna ekspertrolle innan landbruk eller biomangfald i sitt eige heimland. I over 20 år har norsk fôrindustri lagt ned eit stort arbeid for å sikre berekraftig råvareforsyning, særleg på soya.

– Felleskjøpa har etter mitt syn alltid gått føre i dette arbeidet. Eg tek denne invitasjonen som eit teikn på at vi har vald rett strategi og at innsatsen innanfor ansvarleg råvareforsyning er lagt merke til på en positiv måte, avsluttar Røflo.

Les meir om konferansen her (på engelsk)