FORMEL har no 76 prosent marknadsdel i Felleskjøpet Agri sitt område. –Det betyr at vi har styrka vår posisjon i ein tøff marknad, seier Ingrid Strømstad, fagsjef FORMEL. –Vi får og ei stadfesting på at vi ikkje berre er størst på drøvtyggarfôr, men og at FORMEL gjev svært gode resultat, fortel ho vidare.

Resultat av godt arbeid, gode rutinar og godt fôr

Fleire av produsentane har figurert på denne lista i mange år og bak slike flotte resultat ligg det mange timar godt arbeid, gode rutinar og godt fôr. –Alle Felleskjøpets kundar som nyttar vårt kraftfôr, og som er blant topp 50 på lista vil få besøk av sin fagkonsulent. Dei får ein flott diplom og kake som takk for gode resultat og godt samarbeid, avsluttar Strømstad.