Årets krinsmøterunde er inne i si siste veke og dermed og avtroppande styreleiar Einar Enger sine siste krinsmøter som styrerepresentant. Han fokuserte på grepa som er tekne i Felleskjøpet Agri dei seinaste åra, med tanke på effektivisering gjennom organisasjonsstrukturendringar og kostnadskutt. –Sidan 2011 har vi spart nærare 600 millionar kroner og slanka vekk om lag 50 selskap i organisasjonskartet, sa han i sin presentasjon. –Dette har vore viktig med tanke på konkurranseevna til selskapet, men og for å styrke våre medlemmar sin økonomi, slo Enger fast.

I 2015 leverte Felleskjøpet Agri sitt beste resultat nokon gong. Men i tillegg til overskot og utbetalingar til medlemmane og styrking av eigenkapital til fortsatt investering i selskapet på kort sikt, fokuserte Enger på det langsiktige biletet. –På lang sikt vert det naudsynt å delta og vere med på å forme og styre landbrukspolitikken, for det er i rammevilkåra pengane ligg, sa han som ei oppmoding til medlemmane.

-Vi må kjøpe vårt eige kraftfôr

Frå salen kom det spørsmål om kraftfôrfabrikken på Vestnes si rolle etter fusjonen med Felleskjøpet Agri. Både Einar Enger og regionssjef Dag Arne Helle forsikra tilhøyrarane at der ikkje føreligg planar for reduksjonar eller endringar ved anlegget. –Men den beste garantien for kraftfôranlegga våre på Vestlandet, er sjølvsagt at vi kjøper kraftfôr frå ein leverandør der vi som bønder faktisk eig fabrikken sjølve, slo Helle fast.

Helle greidde og ut om endringar i strukturen rundt utskipingshamner for gjødsel på Vestlandet. –Grepa vi tek handlar om å seinka prisar ved å auke volum på færre, strategiske hamner, forklarte han. –Blant anna kan ein ved å nytte Åndalsnes kunne forsyne Nord-Gudbrandsdalen der ifrå, i staden for å skipe gjødsla med bil frå Kambo i Østfold, nemde Helle som eit døme.

Rimeleg alternativ for mindre bruk

Mange av medlemmane i regionen driv mindre bruk med mjølkekvoter på mellom 100 og 200 tonn. Frå salen kom det gode tilbakemeldingar på at Felleskjøpet Agri legg opp fagseminar rundt innandørsmekanisering for mindre bruk under den tradisjonelle FK Uka i Molde i april.

–Som følgje av Lausdriftskravet må det byggjast to og eit halvt fjøs i året berre i min kommune for å kome i mål før 2024, fortalde avtroppande tillitsvald Ole Henrik Rindli. –Det må difor vere mogeleg for aktørar i landbruket å gå saman for å nytte sin marknadsstorleik til å få fram rimelege alternativ for fjøs til 20 til 30 dyr, sa han.

Enger synte forståing for dette. –Det er klart at stordrift ikkje er løysinga overalt, i så fall ville vi måtte konsentrere landbruket kring nokre få område i Noreg og dermed miste legitimiteten, sa han. –Vi skal ha landbruk i heile Noreg og vi må utnytte geografiske forhold til å dyrke gras og drive mjølk- og storfeproduksjon der det er naturleg.

Medlemsarbeid og val

Tilhøyrarane gav gode tilbakemeldingar å korleis dei som nye medlemmar vart ivaretekne, samstundes som dei kom med innspel til forbetringar. –Vi ser og at det kan vere ein krevande overgang å gå frå eit regleverk til eit anna og det trengs noko tillemping i ein overgangsfase, sa Einar Enger.

Ole Henrik Rindli gjekk av som tillitsvald og den lokale valkomiteen hadde innstilt Kjersti Ellingsgård frå Bolsøya som ny tillitsvald og årsmøteutsending. Kjersti og resten av innstillinga til valkomiteen vart vald inn ved akklamasjon. Ellingsgård vert difor óg krinsen sin fyrste årsmøteutsending til Felleskjøpet Agri sitt årsmøte, som i år er 5. og 6. april i Lillestrøm.