Marius er lærling innan industrimekanikarfaget og er kåra til Årets lærling av ein jury med representantar frå alle forretningsområder og i innstillingane skal det vektleggjast meir enn berre kunnskap og utvikling.

– Marius gjer det han skal og gjer det på ein veldig god måte, seier hans næraste leiar, Jarle Book, vedlikehaldsformann.

Vidare heiter det i grunngjevinga at Marius i tillegg tek mykje initiativ til eiga læring, han arbeider sjølvstendig, og er flink til å følgje med på meir erfarne arbeidskollegaer.

– Eg vil særskilt trekkje fram at Marius har eit sterkt HMS-fokus i arbeidet sitt. Han følgjer rutinane, arbeider nøyaktig og legg vekt på kvalitet, forklarar Brook.

Stiller opp og står på

Marius er pliktoppfyllande og samvitsfull. Om det er behov for ekstra innsats på kveldar eller i helger, stiller Marius alltid opp. Han står på til jobben er gjort! Som arbeidskollega er Marius ein hyggeleg og smilande person, som bidrar til et godt arbeidsmiljø på fabrikken. Han gir stadig uttrykk for at han trives i jobben sin, og håper på en framtid i Felleskjøpet.

Kåring av årets lærling i Felleskjøpet

Kåringa gjennomførast ved at leiarar vurderer sine lærlingar på fleire områder. I tillegg til faglege kunnskapar og utvikling, vert det lagt vekt på pålitelegheit, innsats og lærlingen sitt bidrag til eit godt arbeidsmiljø.

Viktig for å sikre kompetanse i verksemda

Å vere ei læreverksemd er viktig for å sikre ettervekst av riktig kompetanse i verksemda, men er og av samfunnsmessig betyding. Læreverksemdene spelar ei viktig rolle i arbeidet med å utdanne tilstrekkelig faglært arbeidskraft for framtida.

Felleskjøpet har lærlingar innanfor følgande fagområder:

• Landbruksmaskinmekanikarar
• Industrimekanikarar
• Produksjon
• Sal og service (butikk)

Talet lærlingar i Felleskjøpet er relativt stabilt, i overkant av 40 lærlingar spreidd over heile landet. I 2016 har Felleskjøpet for fyrste gang lærlingar av begge kjønn representert i alle forretningsområder.