På kvelden vert det festmiddag, intimkonsert med Sondre Justad og kåring av Årets unge bonde 2016. Samlinga er ein del av Bedre Landbruk på Lillestrøm, med fokus på fagleg innhald og kva vi i Felleskjøpet kan tilby av rådgjeving og tenester for unge bønder. Samlinga startar klokka 09.30 med fagseminar innan ulike produksjonsformer og så vert lunsj servert klokka 11.30.

Frist for registrering er 17. oktober. Meld deg på i dag. 

Foredragsrekkje med fokus på unge bønder

Etter lunsj vert det fleire korte foredrag med aktuelle tema. For full oversikt over foredraga, sjå programmet her. – Det heile vert avslutta av Arne Hjeltnes når han held sitt foredrag «Bonden 3.0», fortel Thor Harladseth, seniorrådgjevar Medlem. Undervegs vert det ulike underhaldningsinnslag. Programmet er ferdig kring klokka 18.00.

Festmiddag

Det vert ei pause på om lag to timar før festmiddagen tek til klokka 20.00. 
– Det vert underhaldning, innslag frå kjente fjes og kåring av Årets Unge bonde 2016 i regi av Grønn utdanning, fortel Haraldseth. Finalistane til Årets Unge bonde vert presenterte kvelden før, under Felleskjøpets kveldsarrangement på Bedre Landbruk, som tek stad på Norges Varemesse på Lillestrøm.

Følg med på Facebook 

Det er oppretta eit arrangement på Felleskjøpet Agri SA sin Facebook-profil der det vert publisert fullt program og informasjon fortløpande. Fullt program og lenke til påmelding finn du og her.