17.11.2022 | Sindre Flø, seniorrådgiver markedsregulering

Felleskjøpet Agri markedsregulator har oppdatert prognosane frå 12. august og 13. september. Prognosert tilgang, som er basert på analyse av leveransane pr oktober, syner vesentleg høgare tilgang av korn enn det prognosane i august og september viste. Den store tilgangen aukar behovet for regulering, samtidig som det vil vere svært krevjande å overlagre meir korn av matkvalitet enn det som er overlagra etter sesongen 2021/2022.

Det er lagt til grunn høgt forbruk av norsk matkveite til foredling av matmjøl. Høg andel karbohydratråvare i kraftfôr gir også rom for meir rom for norsk korn.

Ein rapport om kvaliteten på årets norske matkveite frå Nofima viser høgt proteininnhald og sterk glutenkvalitet. Analyser av deigegenskapene viser at klasse 2 har kvalitet på nivå med klasse 1, og at klasse 4 har kvalitet på nivå med klasse 3, og faktisk litt sterkere enn klasse 3 utifrå målingar av strekkmotstand.

Proteininnholdet er lågare i klasse 4 enn i vårkveiteklassane, men klasse 4 har i denne sesongen eit høgare proteininnhald enn det ein forventar i denne klassen. For tredje året på rad manglar det norske matkveitesortimentet parti med lågare proteininnhald og svakare glutenkvalitet. Det kunne vore bruk for noko kveite med svak kvalitet, tilsvarande kvaliteten vi tidlegare hadde i klasse 5 med sortar som Ellvis.

Prognosen er vedlagd, saman med rapport frå Nofima om kvaliteten på matkveiten.

 
Neste oppdatering av kornprognosen kommer 9. mars 2023.