19.01.2023 | Jon Ole Botnevik

Koordinatfesta jordprøver er tekne som vanlege jordprøver, men posisjonen er merka ved hjelp av GPS. Prøvane takast gjerne i eit grid med fast avstand mellom kvar prøve, men avstand og mønster for prøvane kan justerast etter lokale forskjellar på skiftet. I staden for eit gjennomsnittsresultat for eit heilt skifte får ein resultat frå kvar prøvestad på skiftet, knytt til ein nøyaktig posisjon. Resultata kan nyttast visuelt til å vise kor store skilnadane er innanfor eit skifte. Til dømes er det ofte høgare fosfor-nivå nærast fjøset enn i enden som er lengst frå fjøset, noko ein enkelt kan sjå ved å laste opp jordprøvefila i eit anbefalt program, som CropMAP.

Gjev fleire moglegheiter framover

Med resultata frå jordprøvene og ein oversikt over variasjonen på jorda kan du byrje å ta nytte av fordelane som koordinatfesta prøver kan tilby. Du kan nytte variabel tildeling for å jamne ut forskjellane i vekstvilkår som finst på skiftet. Du kan variere mengda kalk som spreiast forskjellige stadar på skiftet for å få ein jamn pH, men desse jordprøvene er også grunnlag for å variere tildelinga av andre innsatsmiddel. Jordprøvane visar innhaldet av næringsstoff som fosfor og kalium, i tillegg til jordtype og leirinnhald. Dette kan nyttast til å variere tildelinga av såkorn og gjødsel. Til dømes kan ein spreie variabel mengde med gjødsel etter fosfor-innhaldet i jorda, meir til områder som er fattigare på fosfor enn andre. I slike tilfelle er det og mogleg å køyre ein eigen runde med P-rik gjødsel berre på desse områda, ved å leggje inn 0 kg som mengde på områder med nok fosfor. Seinare kan ein spreie flat mengde med gjødsla ein normalt køyrer ut eller variere etter andre forhold i staden for. Dette kan medføre både betre avling og mindre bruk av innsatsmiddel. Moglegheitene og taktikkane er mangfaldige når ein først har kome i gong med å hauste digital informasjon frå sin eigen gard. Når ein nyttar denne informasjonen vil ein kunne hauste både betre økonomi og berekraft.

Korleis ta og få nytta koordinatfesta jordprøver?

Når det skal takast koordinatfesta jordprøver treng ein, i tillegg til jordprøvebor og prøveboksar, ein GPS-mottakar og ein programvare som kan merke av kor prøvane takast. Ein kan anten ta desse prøvane sjølv ved å bruke mobiltelefonen, eller ved å leige inn ein entreprenør eller NLR med ein meir nøyaktig mottakar. Karta med resultata lastast opp i program som Jordplan, Skifteplan eller CropMAP frå Dataväxt. Alle desse programma let deg lage tildelingsfilar basert på jordprøvar. CropMAP let deg i tillegg lage tildelingsfilar basert på alle formar for koordinatfesta kart og informasjon. Til dømes kan ein nytte avlingskart og satellittbilete.

Å lage tildelingsfilane, altså kartet som fortel reiskapen kor mykje gjødsel, såkorn, kalk eller plantevern som skal køyrast ut rundt om på skiftet gjerast ganske enkelt. Last opp jordprøvekarta, vel parameter det skal varierast etter, vel gjødselsort og set inn mengder som skal tildelast i dei forskjellige sonene på kartet. Tildelingsfila må lagrast i korrekt filformat for det utstyret som skal nyttast til spreiinga. Dei fleste leverandørar nyttar ISO-XML-format, men ikkje alle nyttar dette for tildelingsfilar enda. Til slutt må filen overførast til traktoren, anten med ein minnepenn, eller trådlaust til John Deere-traktorar med JDLink.

Samvirke 1 2023