28.02.2022 | Jon Ole Botnevik, utviklingsleder presisjonsjordbruk

CropMAP er eit kart- og analyseverktøy og er det nyaste tilskotet i Dataväxt-universet. Det nyttar posisjonsbestemte kart av mange typar og man kan lage tildelingsfilar for fleire innsatsmiddel basert på karta sine. Dataväxt lanserte CropMAP på Agroteknikk i November og fekk stor merksemd blant publikum. I tillegg vart CropMAP, som offisiell Agroteknikk-nyheit, premiert med Sølvakset!

Pakkeløysing med CropPLAN

Her i Noreg er CropMAP inkludert i CropPLAN-abonnementet. CropPLAN er eit gardstyringsprogram som gjev deg full oversikt over skifta dine, lagerstatus på innsatsmiddel og økonomi, inkludert dekningsbidrag ned på skiftenivå. Det inneheld ein grovfôrmodul for grovfôrprodusentar, med oversikt over alder på enga og eigendefinert inndeling av arbeid og innsatsmiddel etter slåttar.

Er det ønskje om meir nøyaktig innsikt i maskin- og drivstoffbruk kan ein installere LogMASTER, som registrerer tid og hastigheit i tillegg til at den hentar motordata frå traktoren. I CropPLAN kan vekstsesongen planleggjast og ein kan setje opp gjødselplan utifrå jordprøvar og avlingsnivå.

CropMAP les alle karta dine

I CropMAP lastar ein opp kart over jorda si, anten det er jordprøvar, avlingskart, biomassekart, grøftekart eller andre kart ein har tilgjengeleg, så lenge dei er posisjonsbestemte. Karta knytast til dei forskjellige skifta og i analyse-visninga kan ein opne opp til 4 forskjellige kart ved sidan av kvarandre. Det gjer det enkelt å samanlikne karta og finne ut kva faktor som har mest å seie for variasjonen på skifta sine. Deretter kan ein lage tildelingsfilar basert på den avgjerande faktoren, anten det er filar for gjødsel, såkorn, sprøytemiddel eller kalk. Tildelingsfilane kan lagrast som den filtypen ein sjølv ønskjer og støttar dei fleste leverandørar av presisjonsutstyr.

Få full utnytting

Med tanke på det siste årets prisutvikling er det viktigare enn nokon gong før å få mest mogleg ut av driftsmidla man tilfører jorda si. Då er det viktig å ha fokus på pH. Kanskje skal man kalka med variert mengde i år, for å jamne ut forskjellar og få jamnare vekst og kvalitet? Er det i år man skal byrje med å variere mengda såkorn? Eller dele opp og variere gjødslinga si? I CropMAP kan man få satt opp filar for å gjere alt dette!

Tilbod på CropMAP og CropPLAN

No kan du kjøpe CropPLAN, som inkluderer CropMAP, til berre 3 250 NOK for eitt heilt år og få med tre timar opplæring og rådgjeving frå Norsk Landbruksrådgiving!

Les meir og bestill på cropplan.no

Samvirke 2 2022