16.05.2023 | Jon Ole Botnevik

Seksjonskontroll gjev betre plantehelse

Det enklaste og kanskje beste tiltaket du kan ta er å nytte seksjonskontroll på sprøyta. Seksjonskontroll deler arbeidsbreidda til sprøyta inn i fleire deler som kan opnast og stengast anten manuelt eller automatisk om ein køyrer over noko som allereie er sprøyta. Denne teknologien nyttar GPS-system og ISOBUS i traktoren for å minske overlapp. På denne måten oppnår ein fleire fordelar. Avhengig av utforminga av skifta dine kan du spare merkbare mengder plantevernmiddel, med større fordelar jo mindre kurante skifta er. I tillegg vil du oppnå korrekte mengder på ein større del av skiftet, fordi du med seksjonskontroll også vil få korrekt mengde der det elles hadde vorte dobbel dose. Dette gjev plantane i overlapp-sona mindre stress frå plantevernmidla og difor ein kvikkare plante, som gjev jamnare og betre avling. Kor store seksjonane er avhenger av fabrikat og spesifikasjonar på sprøyta di og terminalen i traktoren. Storleiken til seksjonane på nye sprøyter kan variere frå nokre meter heilt ned til enkeltdysenivå på dei mest avanserte sprøytene.

Variabel tildeling for jamnare åker

Moderne åkersprøyter har gjerne moglegheita til å utnytte variabel tildeling, for å variere mengda plantevernmiddel som tilførast innanfor eit skifte. Dette er særleg brukbart til soppsprøyting og vekstregulering, for å få korrekte mengder i forhold til plantedekket på skiftet. Dette kan variere og ein ser ofte reduserte mengder biomasse på vendeteig, i områder med grunn jord og i blautare områder. I desse områda er det ein fordel å tildele mindre mengder, for å unngå at plantane i desse områda blir satt tilbake meir enn plantane på resten av skiftet.

Satellittar kan sjå variasjonane hjå deg gratis

Det er mogleg å variere denne tildelinga etter biomassekart, som kan produserast frå fleire kjelder. Det vanlegaste er å nytte satellittbilete gjennom program som Atfarm frå Yara og CropSAT frå Dataväxt. Begge to er gratis å bruke i år. Desse programma nyttar dei same bileta, som blir teke omtrent 3 gonger i veka, på føremiddagen. Ut i frå desse bileta blir det laga biomassekart, der Atfarm tek i bruk N-sensor-algoritme, i staden for NDVI-standarden, for å sjå og visualisere skilnadane innanfor skiftet. Ulempa er at det ikkje finst brukbare bilete om det er skydekke når bileta blir tekne. Du er også nøydt til å gå ut i åkeren for å sjå at variasjonane er frå nytteplanta og at det ikkje berre er mykje ugras der det er frodigast.

Meir avanserte, men dyrare alternativ

Andre alternativ er å nytte Yara sin N-sensor eller å ta foto med drone, som så prosesserast gjennom eit eller fleire programvarer for å få ut ei ferdig tildelingsfil. Fordelar med dette er høgda over skiftet, som er nede på mellom omtrent 3 og 60 m, kontra 786 km for satellittane. Ein får difor mykje meir detaljerte bilete og kart. Desse metodane blir heller ikkje like forstyrra av skyar, men drone kan vera meir ømfintleg for vind og nedbør. Dei krev og ein større startkapital og litt meir arbeid etter fotografering av skiftet.

Teknologien skal halde følgje

Det utviklast stadig meir avansert teknologi, både for å sjå og deretter flekksprøyte ugras medan ein køyrer og robotar som kan sprøyte sjølv. Det er nødvendig at utviklinga skjer for å kunne minske mengda plantevern som nyttast og for å oppretthalde dagens og framtidas krav. Korleis nyttar du teknologien?

Samvirke 04 2023