18.09.2023 | Sindre Flø, Seniorrådgiver markedsregulering

Felleskjøpet Agri markedsregulator har oppdatert prognosen frå 10. august. Det er innhenta oppdaterte anslag for arealsituasjonen og for avling pr. dekar frå Norsk landbruksrådgiving.

Prognosane viser at forventa tilgang er justert ned med 155 000 tonn sidan siste prognose. Prognosen legg til grunn at 70 000 dekar tilsådd kornareal ikkje blir treska for leveranse. Tilgangen av norsk korn til industrien er 19 % under femårssnittet, som også inkluderer det svake året 2018. Tilgangen er 33 % lågare enn i fjor. Matandelen er vanskeleg å estimere, men er sett til 30 %. Dette illustrerer dei store kvalitetsproblema som er knytt til årets avling.

Prognosen vil vere grunnlag for å auke importen av matkorn.

Prognose september 2023.pdf