13.10.2023 | Felleskjøpet

Før sommaren kom nyheita om at Felleskjøpet gjer endringar ved avdelinga på Skei, og at detaljhandelverksemda blir lagt ned i si noverande form. Det blir dermed fullt fokus på avdelinga som verkstad, delebutikk og utleveringsstad for driftsmidlar og butikkvarer til bonden.

– I første omgang skal heile avdelinga pussast opp, og vil framstå i ny drakt. Skei skal framleis vere det viktige knutepunktet for bonden og landbruket i nordre del av Vestland, seier Atle Roset, organisasjonssjef for Felleskjøpet på Vestlandet.

Reindyrka landbruksbutikk

Han er med i prosjektgruppa som no legg planane for korleis Skei-avdelinga skal utviklast vidare. Felleskjøpet vil prøve ut eit heilt nytt konsept.

– Vi ønskjer blant anna å teste ut ei maskinavdeling med innslag av det bonden treng til drifta si av maskin- ettermarknad- og butikkvarer. Kall det gjerne ein meir reindyrka landbruksbutikk der bestseljarane av butikkvarer vil vere tilgjengelege på avdelinga, medan øvrige butikkvarer vil vere mogleg å bestille inn. Vi vil også få på plass ei klikk og hent-løysing, seier Roset.

– Vi er opptekne av medlemsdemokratiet i Felleskjøpet. Difor er prosjektgruppa som no legg planane og innhaldet for «nye» Felleskjøpet på Skei samansett av tilsette ved avdelinga, regionale salssjefar  og tillitsvalde for området, seier Roset.

Etter planen skal det nye konseptet ved Felleskjøpet på Skei vere klart på nyåret.