20.04.2023 | Felleskjøpet

Avtalen omfattar levering av transporttenester i Gloppen og nærliggande område.  Noverande transportør avsluttar sitt engasjement for Felleskjøpet 31. juli. Etter denne datoen blir transporttenestene levert av Olav Hjelmeset AS.

– Vi har hatt ein god og grundig prosess med tilbod frå fleire aktørar. Vi kom til at Olav Hjelmeset AS hadde det beste tilbodet, og vi inngår ei langsiktig kontrakt på køyring. Vi er glade for å få dette på plass, og vi ser fram til godt samarbeid som skal gje sikre leveringar til kraftfôrkundane i Gloppen-distriktet, seier Per-Kenneth Øye, sjef transport konsern i Felleskjøpet Agri.

Felleskjøpet har sikra nytt utstyr som den nye transportøren vil ta i bruk.

I samband med overføringa vil Felleskjøpet og ny transportør oppdatere silomerkinga i det aktuelle området, eit arbeid som også vil vere med på å sikre trygge leveringar framover.