11.11.2022 | Karstein Brøndbo

Det er enklare og meir oversiktleg å bestille kraftfôr i nye «Min Gard» frå Felleskjøpet enn det var på den gamle sida, seier Kristoffer, som har ansvaret for å bestille kraftfôr hos Teleros Samdrift i Hjartdal i Telemark.

Mingård_utenbakgrunn.png
TILPASSA NETTBRETT OG MOBIL: Nye «Min gård» er tilpassa nettbrett og mobil slik at ein kan gjere det same der som på PCen.

Populær løysing

Mange kundar har gått over til nye «Min gård», og dei eg har vore i kontakt med legg vekt på at det har vorte meir oversiktleg og trygt, seier Thomas André Riiser på Kundeservice hos Felleskjøpet. Han legg til at ein no óg kan sjå kraftfôrprisar, bestille til fleire siloar på ein gong, bestille til fleire adresser innafor same postnummer, justere ned lasset om det kjem før ønska leveringsdag, og følgje med på aktive leveransar. Thomas viser til praktisk informasjon, tips og hjelp på nettsida til Felleskjøpet, og legg til at det er berre å ringe Kundeservice på 72 50 50 50 eller ein kraftfôrkonsulent om ein treng hjelp.

- Korleis gjer du det, Kristoffer?

- Eg har lagt inn dagsforbruket av kraftfôr og volumet i siloane, og så får eg automatisk ei varsling på SMS når det er på tide å bestille nytt kraftfôr. Dagsforbruket på 437 kg kraftfôr ser eg i programmet til mjølkeroboten og fôrautomaten, og så legg eg til litt for manuell fôring av ungdyr og kraftfôret vi blandar inn i grovfôret.

- Er det enkelt å bestille?

- Det var litt uvant til å byrje med, og i starten fekk eg hjelp av kraftfôrkonsulenten på Felleskjøpet i Bø. Men no er eg godt inne i systemet, så det går stort sett greitt, seier Kristoffer, og går inn på mg.felleskjopet.no på PCen på fjøskontoret.

Fyll på siloar

- Her kan eg sjå kor mykje eg har på kvar silo. Eg har no 13 325 kilo Formel Premium 80 i silo ein og 4 665 kilo Formel Biff 4+i silo to, og ikkje behov for å bestille no. Om eg skal bestille, klikkar eg berre på «Fyll på», og så reknar systemet ut kor mykje det er plass til, og så kan eg justere volumet sjølv og bestille til ein eller to siloar i same bestilling, seier Kristoffer.

Nivåvarslar og manuell kontroll

- På den eine siloen har vi ein nivåfølar og ei blinkande lampe inne i fjøset som varslar når det er tre tonn igjen. Langt oppe på den eine glassfibersiloen er det eit vindauge der ein kan sjå pelletsen. I tillegg kan eg sjekke volumet i siloen ved å banke på siloen. Det blir hul lyd der det er tomt og ein annan lyd der det er fôr, seier Kristoffer og dunkar med ein lang staur.

Samdrift med storstue og eigen maraton

Teleros samdrift i Hjartdal er kjend for å arrangere barneløpet Telebonden Fjosmarathon, truleg verdas einaste i sitt slag, der heilmaraton er 246 rundar a 171 meter rundt det lafta fjøset av ubehandla malmfuru frå 2011. I 2015 deltok 59 ungar på den mest populære kortare distansen. På innsida er det meir kalvedans, 50 årskyr og rundt 100 storfe med stort og smått. Til dagleg har Kristoffer K. Særsland hand om drifta, med avløysing frå dei andre fire eigarane i helga. Da er det også ofte selskap på fjøsloftet, der det er selskapslokale utan fjøslukt med panormautsikt til både Hjartdal utanfor og dyra innafor.

image5jsa8.png

GOD OVERSIKT: - «Min gård» gjev god oversikt over kor mykje det er att i siloane, og det er enkelt å fylle på, seier Kristoffer K. Særsland.