04.11.2022 | Jon Ole Botnevik

For å kunne få mest mogleg ut av innsatsmidla dine er det viktig å ha god oversikt over kva jorda du driv eigentleg består av. Jordprøver gjev deg kontroll på viktige forhold som næringsinnhald, jordtype, leirinnhald og ikkje minst pH. Det er viktig at du har korrekt pH, slik at plantene får best mogleg tilgang til næringa i jorda og du får nytta gjødsla best mogleg. Med dagens teknologi får man tatt fleire jordprøver inne på eit skifte, markert desse med GPS-posisjon og ser korleis pH kan variere innanfor eit skifte. Dette kallast koordinatfesta jordprøver.

Ta jordprøvene inn i presisjonsverda

Når du skal ta koordinatfesta jordprøver må det først planleggast kor prøvane skal takast. Dette kan du gjere sjølv med eit papirkart, eller i digital form i fleire gardsstyringsprogram. Koordinatfesta jordprøver vert systematisk tekne over eit skifte, gjerne i eit firkanta grid-system med ein bestemt avstand mellom prøvane. Typisk representerer ein prøve mellom 5 og 15 dekar, avhengig av skiftestorleik, form på skifte og indre variasjonar. Jordprøvar må takast minimum kvart 8. år, men det er anbefalt at det gjerast oftare. Prøvane kan takast sjølv ved hjelp av tilpassa programvare og GPS på mobiltelefonen din. Eller du kan leige inn ein entreprenør eller NLR til å ta koordinatfesta jordprøver, om du har ein del jord å ta prøver av. Kanskje har naboen din også behov for å ta jordprøvar, så dykk skal gå i lag om å leige inn ein entreprenør?

Presisjonskalking er berekraftig

Dei koordinatfesta jordprøvene nyttast oftast til å kalke med variabel tildeling, slik at du får jamna ut forskjellar i pH inne på eit skifte. Variabel tildeling vil seie at ein spreier forskjellige mengder inne på det same skiftet. Kalkspreiing med flat tildeling er basert på gjennomsnittstal som i dei aller færraste tilfelle vil vera representable for fleire av prøvane som er teke. Dette førar til at mesteparten av jorda vil få ein pH som anten er for høg eller for låg. Som følgje av dette får du dårlegare utnytting av gjødsla som tilførast og dårlegare avling. Variabel tildeling er berekraftig, både økonomisk og agronomisk sett.

Aukar i popularitet

For å køyre ut kalk med variabel tildeling er du nøydd til å ha ein tildelingsfil som reiskapen nyttar til å bestemme kor mykje den skal køyre ut på dei forskjellige områda på skiftet. Ein slik fil kan skaffast på fleire måtar. Det er mogleg å lage desse på eigen hand, eller ein kan få entreprenørar frå Franzefoss eller NLR til å lage filane for deg. Dei siste åra har det vorte fleire som nyttar seg av tenester for koordinatfesta jordprøver og variabel spreiing av kalk.

Dette visast i lista under, som er mengda kalk som er køyrd ut med tildelingsfilar frå Franzefoss Minerals dei siste åra:

2015: 1 433 tonn
2016: 6 335 tonn
2017: 4 669 tonn
2018: 8 357 tonn
2019: 6 669 tonn
2020: 18 770 tonn
2021: 19 946 tonn
2022: 13 904 tonn så langt i 2022, per 16/9.

image9xzyd.png

Kalken kan med fordel moldast ned etter spreiing for raskare effekt.

Samvirke 7 2022