02.06.2022 | Jon Ole Botnevik

På Tynset ligg det framleis små haugar med snø i hjørnet av tunet og det er eit lett snev av snø i lufta. Det einaste som minner om vår denne dagen er husdyrgjødselutstyret, som er teke fram for klargjering. Inne på fjøskontoret sit Morten klar framfor datamaskina med avlingskart frå finsnittaren hans, ein John Deere 8200i med ein HarvestLab montert. Kartet viser blant anna korleis mengde, tørrstoff og næringsinnhald varierte i graset på skiftet nærast fjøset hans, målt med NIR-sensoren i HarvestLab, da han hausta med finsnittaren i fjor.

800x531 HARVESTLAB.jpg

HARVESTLAB: Nær-infraraud (NIR) spektroskopi av graset gjev nøyaktig informasjon om tørrstoffinnhaldet i graset. Snittaren registrerer óg vekta, og det er grunnlaget for eit godt avlingskart, som ein kan bruke til å variere gjødseltildelinga.

Nyttar forskjellige ensileringsmiddel

Graset som Morten haustar med snittaren legg han i plansilo rett ved sida av fjøset. Ein hjullastar fordeler og pakkar graset ordentleg, før han dekker det med SiloPro plansiloplast frå RKW. Snittaren til Morten har montert tre tankar og pumpar for ensileringsmiddel og vatn. I den eine tanken køyrar han med Ensil syrebasert ensileringsmiddel, medan han nytter dei andre tankane til å tilsetje vatn og konsentrat av biologisk ensileringsmiddel i blanding. Kva ensileringsmiddel han nytter når kjem an på blant anna tørrstoffprosenten på graset. Når tørrstoffet er under 30% bruker han Ensil.

Korleis skal ein lage tildelingsfil?

Morten vil i år byrje med å nytte moglegheitene han har til å variere tildelinga av mineralgjødsla si. I den samanheng har han besøk av underteikna for å sjå på fleire verktøy for å lage tildelingsfilar og diskutere korleis han best kan nytte desse verktøya, anten åleine eller i kombinasjon for å lykkast enda betre med grovfôrproduksjonen denne sesongen.

Etter å ha sett på avlingskarta i John Deere Operations Center, ser vi på CropMAP og CropSAT frå Dataväxt og Yara Atfarm. CropMAP let deg laste opp kartfilar og samanlikna fleire kart for å finne den avgrensande faktoren før man lagar tildelingsfilar, anten det er til gjødsel, plantevernmidlar, såvarer eller kalk. CropSAT og Atfarm er tenester som nyttar satellittbilete og biomassekart for å lage tildelingsfilar. Dei har litt forskjellige eigenskapar: CropSAT let deg bestemme gjødselmengdene sjølv eller ved hjelp av ein N-testar frå Yara i vekstar den er kalibrert for. Atfarm nytter dei same algoritmane som i den traktormonterte N-sensoren for å berekne variasjonen til nitrogenbehovet på skiftet, med utgangspunkt i ein gjennomsnittleg mengde som ein sjølv legg inn. N-sensor-algoritmane gjev meir nøyaktige biomassekart som kan tilby betre innsikt i variasjonen inne på skiftet. Også her kan ein nytte N-testar for å kalibrere nitrogenmengda for visse vekstar.

imagecr4gh.png
SNITTER: Morten Øverli i Øverli Landbruk AS tilbyr grashausting, analyser og avlingskart som grunnlag for gjødslingskart for kundane.

Prøver på nokre skifter i år

Før sesongen tek til i Østerdalen denne gong, lagar vi tildelingsfiler i John Deere Operations Center basert på avlingskart frå 2021. Desse filane overfører vi trådlaust til traktoren via JDlink, og slik at dei ligg klare når Morten køyrer inn på skiftet. I byrjinga er det ingenting i vegen for å prøve seg fram, og Morten vil køyre variabel tildeling på minst tre skifter i år. Vi set opp tildelingsfiler for vårgjødslinga i tre og fire soner med forskjellige gjødselmengder som gjev ein total gjødselbruk omtrent på same mengde som det allereie er sett opp i gjødselplanen. Morten vil gje meir der det var bra avling, og mindre der det var dårlegare avling. I tillegg nyttar han lokalkunnskap for å unngå at det blir gjødsla feil der det er bløtt eller for mykje skugge. Det er òg eit par striper på karta der det er registrert for høgt og lågt avlingsnivå. Dette har samanheng med samleriva, der det ikkje alltid blir full bredde på siste strengen eller når ein samlar fleire kortare strenger inn til ei lengre streng. Dette korrigerer vi for.

Andre moglegheiter utover sesongen

Til gjødsling etter første og andre slått diskuterer vi kva løysing som skal nyttast for å lage tildelingsfilar. For å nytte satellittbilete i tenester som CropSAT og Atfarm treng ein at det er skyfritt for å få gode bilete. I tillegg bør det vera teke bilete så tett opp til slåttetidspunktet som mogleg for å få eit kart som er representabelt for grasveksten. Morten ønsker også å forsøke på variabel tildeling basert på satellittbilete, så dette blir plan A for vidare gjødsling så lenge det finst gode bilete teke på rett tidspunkt. Plan B blir denne gongen avlingskart frå første slått. I CropMAP kan ein også samanlikne avlingskartet med CropSAT-bilete og sjølv lage tildelingsfil som tek omsyn til begge to.

Ikkje farleg å prøve seg fram

Om ein har utstyr for å køyre med variabel tildeling, men ikkje har kome i gong med det enda, er det fullt mogleg å byrje i det små med å prøve på eit par skifte. Det finst fleire tenester for å lage tildelingsfilar uavhengig av avlingsregistrering og traktormonterte sensorar. Yara Atfarm tilbyr òg funksjonar som let deg nytte mobiltelefonen som GPS-terminal for å spreie med variabel tildeling utan presisjonsutstyr. Variabel tildeling lar deg utnytte mineralgjødsla betre ved å fordele det meir korrekt inne på eit skifte. Fordelen med å byrje i det små er at ein kan fokusere på å få jobben gjort på mesteparten av jorda si, og så bruke litt meir tid på det som er nytt på nokre få skifter. Slik finn ein ut korleis det gjerast utan å risikere at det kan bli gjort noko feil på alt arealet ein dyrkar.

Samvirke 4 2022