19.09.2022 | Felleskjøpet

No kan du teste CropPLAN i tre månader kostnadsfritt!

Under testperioden får du:

  • Full tilgang til CropPLAN utan kostnad
  • Tilgang til tenesta CropMAP der du kan samanlikne og analysere ulike kart, som avlingskart og jordprøver.

Kva kan CropPLAN gjere for deg?

Du kan enkelt planlegge gjødsling for kvar vekst og for kvart skifte for heile året. Når gjødslinga er utførd markerast det i programmet, og gjødsla trekkast automatisk frå varelageret ditt i CropPLAN.

Det finst mange ulike typar rapportar til for eksempel revisjon, grunnlag for innkjøp av driftsmiddel, fakturering eller økonomirapportar heilt ned på skiftenivå.

Du kan utveksle data mellom CropPLAN og til dømes GPS-utstyr for å importere eller eksportere skifter, avlingsdata og tildelingsfilar.
CropPLAN har ein enkel plantevernjournal, godkjend med integrert plantevern (IPV) og vassjournal, som fyllast ut rett i programmet og kan hentast ut i rapportform.

I tillegg er det funksjonar for grovfôrdyrkaren, som avlingsregistrering i lass eller ballar og automatisk teljing av eng-år.                                                                                                                                                                            

Etter testperioden:

Om du framleis vil nytte CropPLAN får du ein faktura på 1000 kr + 3 kr pr daa/år som gjev deg full tilgang til CropPLAN og CropMAP dei neste 12 månadene.

Vil du ha hjelp for å kome i gong?

I samarbeid med NLR kan Dataväxt tilby oppstarthjelp til ein god pris. Kontakt Jan om du ønskjer deg oppstartshjelp eller har spørsmål.

Det finst også videoar på CropPLAN sine sider som viser korleis du skal kome i gong på best mogleg måte.