06.12.2021 | Jon Ole Botnevik, utviklingsleder presisjonsjordbruk

I CropPLAN sin nye grasmodul kan no avlinga på gras og grovfôr delast inn i opptil seks slåtter, som du sjølv namngjev. Desse inndelingane kan nyttast til å fordele innsatsmidla over dei forskjellige slåttane, som husdyrgjødsel, mineralgjødsel og eventuelt plantevern som er nytta gjennom vekstsesongen. I tillegg kan du leggje inn og dele opp sesongens arbeid under kvar innhausting. Dette gjev deg ein betre og meir systematisk oversikt over kor mykje kvar slått har kosta.

Rom for skiftenotat om tiltak og beitebruk

Med inndelinga av slåttar kan ein og leggje til beiting av enga som ein slått, til dømes om ein beiter etter første eller andre slått, eller har eit år med beiting før fornying av enga. Om ein vil kan ein då skrive opp som notat kor mange dyr som gjekk der på beite og kor lenge dei fekk gå. I CropPLAN er det lagt opp til at ein kan skrive eigne notat for kvart enkelt skifte, i tillegg til at ein har ein eigen notatside for garden. På desse notata kan du skrive det du ønskjer, anten det er at øydelagde grøftar på skiftet treng reperasjon eller om du bør vurdere vedlikehaldssåing eller andre tiltak før neste sesong tek til.

Oversikt over kor gamal enga er

Om du dyrkar korn med gjenlegg, eller nyttar dekkvekst til grønfôr når du fornyar enga, vil gjenleggveksten automatisk verta lagt inn som vekst på skiftet ditt året etter gjenlegg. CropPLAN har og kontroll på kor gammal enga di er og legg det inn automatisk. Til dømes om du legg inn ein førsteårs eng som Eng 1, så vil vekst og avling automatisk verta til Eng 2 når du går over til neste år. Dette bidreg til å hjelpe deg å ha kontroll på vekstskifte og planlegge når enga di skal fornyast. I CropPLAN har du også moglegheita til å opprette år tilbake i tid og legge inn informasjonen du har frå tidlegare år. Dette kan føre til eit betre totalbilete og du får samla all informasjonen du har henta frå drifta di i årevis på éin plass. Då treng du ikkje lenger bekymre deg for å miste notatbøkene dine og det blir enklare å samanlikna åra med kvarandre.

Lett å registrere grasavlinga i rundballar eller lass

Når ein no skal registrere avlinga i CropPLAN kan ein føra den inn anten som vekt på avlinga, tal på lass eller tal på ballar og ein legg inn eit anslag på tørrstoffprosenten, som kan rettast etter at ein mottar fôranalysar. Dette gjev deg moglegheita til å registrere avlinga på den måten som passar di haustelinje og fôrhandtering best. Du får og betre kontroll både på avlingsnivå og fôrbehaldninga di. Etter at avlinga er registrert kan du hente ut avlingsrapportar på skiftenivå, per vekst og den totale avlinga frå rapportsida i CropPLAN.

Like greitt på PC og mobil app

Når du først byrjar med CropPLAN lagar du ein digital versjon av garden din. Du laster inn skifter og legg inn vekstar, gjødsel, plantevern, maskinar, arbeid og forventa avling og kan planleggje driftsåret frå kontorstolen din. Når du har utførd ein planlagt oppgåve, merker du arbeidet som gjort og endrar eventuelt innsatsfaktorar i løpet av sesongen. Dette kan og gjerast via mobilappen MyFARM frå traktorsetet. Når sesongen er over vil du få ein eineståande innsikt i drifta di og kunne sjå dekningsbidrag for kvart enkelt skifte. Denne innsikta kan du nytte til å planlegge neste år og vurdere om du skal gjere noko annleis på nokre skifter for å oppnå betre resultat.

Plantevernjournal og andre rapportar

CropPLAN utviklast av Dataväxt AB i Sverige og er tilpassa norske forhold, dokumentasjonskrav og regelverk. Dataväxt har utvikla programvarer for landbruket sidan 1996 og tilbyr suveren hjelp og support gjennom fleire kanalar, både for telefon og datamaskin.
CropPLAN har ein rapportside med eit bredt spekter av rapportar du kan hente ut frå drifta di, basert på tala du har lagt inn i løpet av sesongen. Her kan du ta ut rapportar på maskinar og arbeid, innsatsmiddel og drivstoff, avling, plantevernjournal med vassjournal og ikkje minst økonomirapportar. Rapportane kan også delast inn etter skifte eller vekst og kan vera til god hjelp, til dømes når ein skal bestemme seg for kva skifte som skal fornyast neste gong.

Gjødselplan med eigen husdyrgjødsel

Når du har gjennomført vekstsesongen og lagt inn vekstar, innsatsmiddel, arbeid og avling kan du byrje planlegginga av neste sesong i god tid. Gjødselplan kan du lage sjølv inne på CropPLAN, anten basert på ønska avlingsnivå eller utifrå førre sesongs avlingsnivå. Når du startar eit nytt år tas ein berekna næringsbalanse frå skifta med frå førre året, og du vil kunne skreddersky gjødseltype og mengder for å oppnå ønska næring i jorda på den måten du ønskjer. Her kan du og ta omsyn til husdyrgjødsla di, i tillegg til at du kan leggje inn resultat frå analyse av din eigen husdyrgjødsel, i staden for å nytte ein standardverdi for næringsinnhaldet.

LogMASTER kan samle data frå alle traktorar

Om du ønskjer ein enda meir detaljert innsikt i maskinbruken og kostnadane knytt til maskinelt arbeid på jordet kan ein montere LogMASTER i traktorar og andre maskinar. LogMASTER lastar opp eigne data på posisjon, hastigheit og tidsbruk, i tillegg til at den hentar data på drivstoffbruk, motorbelastning og motorturtal frå maskina sitt Canbus-system. Om maskina di ikkje har Canbus vil du likevel få innsikta i form av tid, hastigheit og posisjon, som vil tilføre deg god innsikt på effektivitet og tidsbruk. Med LogMASTER får du eit meir nøyaktig kostnadsbilete av grovfôrproduksjonen din.

Den nye grasmodulen er eit stort framsteg som gjer CropPLAN til eit program som også grovfôrdyrkaren kan nytte, men det stoppar ikkje der. CropPLAN utviklast stadig for alle dyrkingsformer og framover vil det kome enda fleire funksjonar retta mot gras og grovfôr, som vil kunne hjelpe deg ytterlegare til å optimalisere drifta di.

«Når du først byrjar med CropPLAN lagar du ein digital versjon av garden din»