15.06.2023 | Jon Ole Botnevik

Fangvekstar har mange fordelar og er eit godt miljøtiltak. Det er med å forhindre erosjon gjennom hausten og vinteren og bidreg til betre jordhelse. I tillegg haustar dei solenergien som kjem etter innhaustinga gjennom fotosyntesen og lagar biomasse som bindar karbon. Det er og normalt med nitrogenfikserande plantar i dei fleste fangvekstblandingane, noko som kan vera med å gjeve ein nitrogeneffekt komande sesong. Når ein i tillegg no får tilskot for å så fangvekstar er det blitt enda meir lønsamt å så fangvekstar.

Høg diversitet gjev meir

RMP-utgåva frå Statsforvaltaren i Oslo og Viken som gjeld frå 2023 til 2026 har tilskot for fangvekstar, anten som underkultur eller sådd etter innhausting, så lenge ein oppnår god etablering. I tillegg er det eit ekstra tilskot å hente om ein nyttar fangvekstblandingar med høg diversitet, som her er definert som blandingar med minst tre forskjellige plantefamiliar.

Nye funksjonar for fangvekstar i CropPLAN

I CropPLAN frå Dataväxt er det no nye funksjonar som skal gjere det enklare å planlegge og ta omsyn til fangvekstar i drifta di. Det er eit nytt val for å planlegge og registrere såing av fangvekstar, der ein kan velje mellom fangvekstar, hovudkultur, innsåing og mellomgrøde. Der vel ein fangvekstblanding og såmengde. Når såinga er gjennomførd registrerer ein sådato. For å få maksimalt utnytte av dei økonomiske funksjonane i CropPLAN kan ein registrere RMP-tilskotet under annan inntekt eller som avling med pris per dekar. Når ein har starta eit nytt år er det mogleg å legge inn antatt nitrogeneffekt som ein gjødsling. Vel fangvekst under gjødsel og legg inn antatt N-mengde. Dette vil avhenge av blant anna fangvekstblanding og etableringsgrad på hausten. Når ein legg inn fangvekst som gjødsel blir det teke med i næringsbalansen i komande sesong og ein kan nytte nitrogenfikseringa til å spare noko gjødsel i løpet av sesongen. Hugs at ein kan nytte hjelpemiddel som N-tester og N-sensor til å bestemme kor mykje nitrogen ein bør gjødsle med i løpet av sesongen. Til slutt har ein og god dokumentasjon på kvar ein har sådd fangvekstar i CropPLAN.

fnagvekst cropplan.png

Slik ser det ut når ein no registrerer såing av fangvekstar med høg diversitet, i dette tilfellet Spire Fangvekst Ettårig. Skjermskot frå CropPLAN

Spire Fangvekst ligg inne

Alle fangvekstblandingane til Felleskjøpet ligg inne i produktlista til CropPLAN, i tillegg til at dei blandingane som inneheld tre eller fleire plantefamiliar ligg inne med RMP først i namnet, så ein enkelt kan sjå om den blandinga tilfredsstiller krava til høg diversitet i fangvekstkulturen. Om ein nyttar slike blandingar kan ein få inntil 50 kr meir i støtte, enn med andre blandingar. Denne summen avhenger av kor mange som søkar om RMP-tilskot, og er eit foreløpig tal.

Få besøk og lær meir

Om du ønskjer å nytte CropPLAN i drifta di og for å få mest mogleg ut av fangvekst-regimet ditt er det no mogleg å få gardsbesøk frå Dataväxt for å lære meir og få eit godt tilbod. Klikk her for å lese meir.