Kva strategi skal du velje?
Gjødslingstidspunkt og haustestrategi må ta utgangpunkt i kva arealgrunnlag og avlingspotensialet ein har på garden. Har du mykje areal pr kvoteliter, bør du utnytte dette ved å slå graset tidleg, slik at du får god grovfôrkvalitet og kan bruke mindre kraftfôr. Har du lite areal sjølv, kan det være meir lønnsamt å satse på større avlingar og bruke litt meir kraftfôr. For å oppnå store avlingar vil det vere rett å gjødsle tidleg om våren og ikkje ta førsteslåtten for tidleg.
Dette syner prosjektet «Grovfôrvekst» gjennomført av NIBIO saman med Felleskjøpet Agri, TINE og NLR. I prosjektet er det gjort eit treårig feltforsøk på NIBIO Fureneset for å evaluere effekt av tidleg vårgjødsling og hausting av enga på gjødselutnytting, årsavling, fôrkvalitet og fôrkostnader i mjølkeproduksjon på storfe.
Det blei tatt utganspunkt i to mjølkebruk med 200 tonn kvote. Den eine med 25 kyr som produsera 8000 kg EKM/årsku og den andre med 20 kyr som produsera 10 000 kg EKM/årsku. For begge besetningane ser vi at forskjellen på den totale fôrkostanden mellom å gjødsle «tidleg» eller ved «normalt» tidspunkt er minimal (ca kr 6800). Grovfôrkostanden på bruket med 10000 kg EKM var ca 25 000 kr mindre enn bruket med 8000 kg EKM, men kraftfôrkostnadane var 31500 kr dyrare. Samtidig ser vi at den totale fôrkostnaden er lågare for besetninga som yter 10 000 kg EKM/årsku samanlikna med 8000 kg EKM, i gjennomsnitt 52 000 kr/årsku.
Figur 1: Totale fôrkostnader for eit mjølkebruk med 8000 kg EKM/årsku og 10000 kg EKM/årsku.
Hovudårsaka til at grovfôrkostnadane blir lågare ved høg yting enn middels yting er den lågare total mengda grovfôr og areal det trengs for å fylle kvota. Sjølv om den høge ytinga krev meir kraftfôr og eit kraftfôr av høg kvalitet som Formel Premium, er ikkje kostnaden større enn den auka mjølkemengda.
Prosjektet konkludera med er at det er gardens arealgrunnlag som er avgjerande for kva strategi ein skal velje, og kva som svarar seg best økonomisk. Der arealgrunnlaget er godt bør ein hauste grovfôr med god kvalitet, mens er arealgrunnlaget lite, vil det svare seg å produsere høgast mogleg grovfôravling. Og ved denne strategien er tidleg vårgjødsling eit godt tiltak.
Riktig val av kraftfôr
Høge forholdstal gjer det lønnsamt å fôre for økt mjølkeyting. Men for å oppnå høg yting, er det strengare krav til innhald av aminosyrer og omsetteleg energi i fôret. Ved å velje eit kraftfôr med høgt innhald av AAT i startlaktasjon vil ein forvente høgare yting sjølv med eit grovfôr av lågare kvalitet.
For å velje riktig kraftfôr må ein vite kva kvalitet ein har på grovfôret. Ein grovfôranalyse av kvar slått vil gjere det mogleg å kartlegge kva grovfôr ein skal bruke når i laktasjonen. Viss mogleg bør ein prioritere det beste grovfôret i tidleg laktasjon, slik at mjølkekyrne får eit høgt grovfôropptak med tilstrekkeleg mengde energi, protein, og fordøyeleg fiber.
Eit godt grovfôr (0,90 FEm) slått ved begynnande skyting vil gi eit høgt grovfôropptak og moglegheit for å bruke mindre kraftfôr og ha høgare norskandel i rasjonen. Godt grovfôr samen med Formel Solid er ein velprøvd kombinasjon som fungera godt. Ved å auke grovfôrkvaliteten frå 0,82 FEm til 0,90 FEm kan man auke gevinsten med 1500 kr pr ku pr laktasjon, gjennom ein lågare kraftfôrkostnad.
Formel Elite er det mest selde kraftfôret til mjølkeku i Felleskjøpet Agri sitt området. Men ynskjer ein å spisse fôringa for auka mjølkeproduksjon, kan det være lønsamt å sjå på andre kraftfôrtypar som er meir mjølkedrivande. Reknestykket under viser gevinsten ved å auke ytinga med 1000 liter/laktasjon, sjølv om tørrstoffinnhaldet i mjølka minkar. Dette kan auke mjølkeinntekta med 3000kr pr ku pr laktasjon, sjølv med auka kraftfôrkostnad!
Ytelse | Mjølkepris* | Fett% | Protein% | |
---|---|---|---|---|
Elite Normal | 8 500 kg/ku/laktasjon | 7,0 | 4,5 | 3,5 |
Premium Normal | 9 500 kg/ku/laktasjon | 7,0 | 4,2 | 3,4 |
*Predikert gjennomsnittspris på mjølk landet (inkludert kvalitetstillegg, sonetillegg, sesongvariasjo og moderat etterbetaling)
Fôrkostnad | Mjølkeinntekt | Fett-tillegg | Protein- tillegg | Mjølk minus fôr, kr/L | Mjølk minus fôr, kr/laktasjon | |
---|---|---|---|---|---|---|
Elite Normal | 23 800 | 64 005 | 3 000 | 1 500 | 4,72 | 40 200 |
Premium Normal | 25 500 | 69 000 | 1 300 | 1 100 | 4,58 | 43 500 |