28.02.2024 | Jon Ole Botnevik, utviklingsleder presisjonsjordbruk

 

Kva er CropPLAN?

CropPLAN er eit gardsstyringsverktøy som gjev deg full kontroll over planteproduksjonen din. Programmet er brukarvenleg og gjev deg god oversikt. Programmet er tilpassa norske krav til dokumentasjon, som KSL og plantevernjournal med vassjournal. I CropPLAN legger du inn din planteproduksjon, dine maskinar, reiskap og varelager og registrerer arbeidet som er gjort. I andre enden får du ut eit dekningsbidrag på kvart skifte, og inndelt i kvar slått om du driv grasproduksjon. I tillegg gjev den automatiske lagerfunksjonen deg kjapt svaret på om du treng å handle inn nokre innsatsmiddel eller ikkje.

CropMAP er inkludert i CropPLAN

CropMAP er eit kartverktøy som let deg samanlikne opp til fire forskjellige posisjonsbestemte kart og lage tildelingsfilar basert på det kartet du ønskjer. Ein kan lage tildelingsfilar til både gjødsel, plantevernmiddel, såkorn og kalk. Kartvisninga lar deg sjølv vurdere kva faktorar som er avgrensande på dei forskjellige plassane på skiftet, og variere tildelinga deretter. CropMAP er inkludert i CropPLAN-lisensen. CropMAP vann Sølvakset på Agroteknikk i November 2021 og fekk stor merksemd blant publikum!

Kan CropPLAN nyttast til å lage plantevernplan?

Ja, og mykje meir! I CropPLAN kan du leggje inn dine plantevernmiddel og planlegge korleis du vil sprøyte i løpet av sesongen, om behovet melder seg. Mengder og tidspunkt kan endrast i løpet av sesongen, når du merkar av at arbeidet er gjort. Når du har planlagt plantevernstrategiane dine får du opp eventuelt varebehov i lageret ditt og vil kunne ta ut ein rapport på plantevern frå rapportsiden.

Kan CropPLAN nyttast til å lage gjødselplan?

CropPLAN er godkjent for både gjødselplanlegging og plantevernregistreringar. CropPLAN legg vekt på brukarvenleik, og ein gardbrukar vil relativt enkelt kunne setje opp sin eigen gjødselplan. Gjødselplanen byggar på Nibio sine gjødselnormer, eigne avlingsforventningar og jordprøveverdiar som ein har lagt inn for skifta sine.

Kva skil CropPLAN frå til dømes Skifteplan?

CropPLAN er eit fullverdig styringsprogram for planteproduksjon på garden din. I tillegg til gjødselplanlegging og plantevernregistreringer får man eit økonomisk resultat på kvart enkelt skifte. Berekninga av dette resultatet tek i betraktning tørke- og maskinkostnadar, dieselforbruk, kostnad på innsatsmiddel og eige arbeidsvederlag. I sesongen kan alle skifteregistreringar utførast via smarttelefon på appen MyFARM.

CropSAT - enklare tildelingsfilar med CropPLAN

Om du har CropPLAN-konto finst skifta dine allereie inne på CropSAT og ein kan finne att eldre tildelingsfilar i CropMAP. CropSAT er eit program for å lage tildelingsfilar til gjødsel og plantevern, basert på satellittbilete av skifta dine. Tenesta er gratis og støtter dei fleste merker av reiskap og terminalar.

Kva skil CropPLAN frå til dømes Skifteplan?

CropPLAN er eit fullverdig styringsprogram for planteproduksjon på garden din. I tillegg til gjødselplanlegging og plantevernregistreringer får man eit økonomisk resultat på kvart enkelt skifte. Berekninga av dette resultatet tek i betraktning tørke- og maskinkostnadar, dieselforbruk, kostnad på innsatsmiddel og eige arbeidsvederlag. I sesongen kan alle skifteregistreringar utførast via smarttelefon på appen MyFARM.

Kva er LogMASTER?

LogMASTER er ein liten «svart boks» for landbruksmaskinar. Den samlar all informasjon frå maskinas CANBUS-system, som motorbelastning og drivstoffbruk. I tillegg hentar LogMASTER ut posisjon, hastigheit og tid på skiftet automatisk. Dette gjer at LogMASTER gjev ein nøyaktig innsikt i diesel- og maskintimer på kvart enkelt skifte, i tillegg til køyremønster og effektivitet. LogMASTER vann i oktober 2022 sølvmedalje for innovasjon under den finske landbruksmessa MaatalousKonemessut. Av dei 118 nyheitene frå messa var LogMASTER blant dei fire med den høgaste utmerkinga i innovasjonskategorien.
Du må ha CropPLAN for å nytte deg av LogMASTER.

LogMASTER kan kjøpast her: LogMaster for automatisk logging av tid og drivstofforbruk | Felleskjøpet.no (felleskjopet.no)

Korleis bestiller eg programmet?

Dataväxt har utvikla verktøya CropPLAN, CropMAP, LogMASTER og CropSAT. Dataväxt AB er eit svensk selskap som har laga programvare for landbruket i over 25 år.

Du kan lese meir om CropPLAN, CropMAP og LogMASTER og registrere deg på www.cropplan.no. Prisen er 1000 kr + 3 kr/daa i året.