25.08.2021 | Jon Ole Botnevik, utviklingsleder presisjonsjordbruk

I CropPLAN lagar du ein samla oversikt over planteproduksjon, maskiner, reiskap og varelager. Du lager enkelt ein god plan for næringstilførsel, både som husdyrgjødsel og mineralgjødsel, før innkjøp. Det same gjeld plantevern. Når du gjennomfører gjødslinga nyttar du til dømes mobiltelefonen til å markere dei utførde oppgåvene etter kvart som du flytter deg frå eit skifte til det neste. På denne måten gjerast kontorarbeidet frå traktorhytta og du unngår at dokumentasjonsarbeidet skyvast framføre deg. CropPLAN er utvikla av svenske Dataväxt AB, som har jobba med utvikling av slik programvare i 25 år, med stor vekt på brukarvenleik. CropPLAN tilfredsstillar alle krav knytt til gjødslingsplan og plantevernjournal og er tilpassa Klimakalkulatoren.

Dekningsbidrag, analyse og berekraft

Ved å nytte data frå planlegging og gjennomføring kan CropPLAN berekne dekningsbidrag både per skifte og for kvar vekst. Om du gjer deg flid med å leggje inn korrekte kostnadar og tidsbruk for arbeidet vil du få ut svært gode tal for produksjonen. Desse tala gjev deg eit objektivt grunnlag for å evaluere tiltak som kan forbetre produksjonen din for kvart år. For å få mest mogleg nøyaktige tal kan du montere LogMASTER, ein ferdsskrivar frå Dataväxt. LogMASTER hentar ut informasjon om dieselforbruk, posisjon og tid ein nyttar ved hjelp av maskinas CANBUS-system. Denne innsikta kan hjelpe deg med å drive på ein måte som gjev deg auka lønsemd og berekraft, ved å nytta innsatsmidlane på ein betre måte.

Support

Dataväxt har erfaring frå bistand av fleire tusen svenske kundar og har fleire moglegheiter for lett tilgjengeleg support. Dei har instruksjonsvideoar, ofte stilte spørsmål og e-post-support, i tillegg til chat-funksjon og telefon-support som set deg i kontakt med erfarne kundeoppfølgjarar.

Prøv utan kostnad i tre månader!

Gå inn på Cropplan.no for å lese meir og registrere din konto for CropPLAN. No kan du prøve utan kostnad og binding i tre månader! Etter dette kostar lisensen kr 1 000 + 3 kr/daa, med ein makspris på 7 000,-»