Det er det og for Felleskjøpet. Det er full fart på alle kornmottaka i sør og oppstart i Midt-Norge. Målet er å ta imot, tørke, sortere, transportere og lagre mest mogeleg korn på ein kostnadseffektiv og trygg måte. Forhåpentlegvis blir det ein solid kornhaust slik at vi sikrar både menneske og dyr mat med høgast mogeleg norskinnhald. Det kan bli viktig føre Vårknipa 2023, når mange i verda vil sleppe opp for mat før neste kornhaust.
Vi veit ikkje kor mykje av kveita som vil bli av matkornkvalitet, men for dei av dykk som opplev «stang ut» på kvalitet håpar vi at den auka proteinbetalinga for fôrkveite som vi lanserte i vår vil redusere den pengemessige nedsida. I tillegg til at det aukar norskandelen i norsk kraftfôr.
Denne sesongen har vi, og mange andre kornaktørar i Europa, ei ny utfordring. Aldri før har kornet vore dyrare. Dette er flott for bonden, men set oss og mange andre kornkjøparar under auka finansielt press.
Korn er som pengar, seier du kanskje, og i tillegg kan ein ete det. Det er riktig. Men i mellom tida skal Felleskjøpet betale for det og lagre det. Det bind mykje kapital. For eit selskap som Felleskjøpet vil ein god kornhaust saman med prisaukar på andre varer binde så mykje som ein milliard kroner meir i kapital ved årsslutt i år enn i fjor. Dette er pengar vi kan låne frå bankane, til høgare rente, eller sørge for går tilbake til bonden gjennom smartare samhandling.
Vi ønskjer det siste meir enn det første. Vi vil derfor i denne sesongen tilby raus kompensasjon til dei av dykk som nyttar dykk av Leigelagringsordninga og får betalt for kornet over nyttår. Dette er eit tilbod som de finn på våre websider eller ved kontakt med våre kornkjøparar. Vi håpar flest mogeleg vil slå til på dette. Her kan vi på kort sikt bidra til å auke lønsemda i landbruksverksemda til både kornbonden og kraftforkunden, det er bra for alle.