25.04.2024 | Svenn Ivar Fure

Vi har jobba hardt for å vere «klare for sesong», slik at de får tilgang til både innsatsfaktorar, tenester og delar i tide for arbeidet.

Utkøyringa av mineralgjødsel er i rute, og dei fleste skal ha fått såkornet dei treng. Såkornreserven vår kom til nytte i år, og vi har spedd på med import frå nabolanda våre.

På avdeling har vi fagfolk klare til å gje råd og suppleringsvarer tilgjengeleg, dersom dette skulle vere naudsynt.

Dersom noko maskinelt bryt ned, er målet å sende delar kjapt frå lageret vårt på Gardermoen, og vi vil gjere alt vi kan for å reparere raskt.

Ver forsiktige – hugs å ta dykk pausar og å telle til ti når det går ei kule varmt.

Lukke til – vi heiar på dykk!