Kristoffersen fortel om avdelingar som nesten utelukka utdannar nye faglærde medarbeidarar i staden for å rekruttere eksternt. – På denne måten sikrar dei at dei til ei kvar tid har tilgang til kvalifisert arbeidskraft, slår han fast.
Lærlingar er óg eit viktig tilskot til avdelingane når det gjeld arbeidsmiljø og har med seg både gode spørsmål, nysgjerrigheit og engasjement. – Dette er med på å utfordre oss, og bidrar til læring hos våre erfarne medarbeidarar, seier Kristoffersen.
Samfunnsansvar og fleire kvinner
Noreg har eit stort behov for faglært arbeidskraft i åra som kjem, og Felleskjøpet bidreg til å utdanne faglært arbeidskraft som er viktig for å ta vare på norsk landbruk. Lærlingordninga er og viktig for å sikre at ungdom får utdanning, og kjem inn i arbeidslivet. Det er og ei aukande interesse blant kvinner for fagområda til Felleskjøpet, og ein har dei seinare åra hatt fleire kvinnelege lærlingar i landbruksmaskinmekanikarfaget.
– Vi anser det å vere lærebedrift som eit viktig samfunnsansvar, og er glade for å sjå at stadig fleire kvinner søkjer seg til landbruksmaskinmekanikarfaget, fortel Frode Dahl, konserndirektør Maskin i Felleskjøpet.
Teknologisk utvikling og klimaendringar
Landbruket er i stadig endring og dei siste åra har det vore ei rivande teknologisk utvikling av landbruksmaskiner og reiskap. Samstundes står ein ovanfor store klimaendringar og krav til berekraft i landbruket.
– Dette vil stille store krav til Felleskjøpet som arbeidsgjevar leverandør til landbruket, men samstundes skape høve for spanande og viktige arbeidsoppgåver for alle våre medarbeidarar, og lærlingane våre er gode ambassadørar for nyvinningane. Saman skal vi bidra til å ta vare på det norske landbruket på best mogeleg måte. Dersom ein vurderer landbruksmekanikarfaget, ikkje nøl med å ta kontakt med din lokale Felleskjøpet verkstad, så skal vi saman sjå på mogelegheitene, avsluttar Dahl.
Om lærlingordninga i Felleskjøpet
Fagområde: landbruksmaskinmekanikarfaget, reservedelsfaget, butikk, produksjon, industrimekanikar og elektrikar
- 2 år læretid med løn
- Om lag 50 lærlingar, ca. 35 innan landbruksmaskinmekanikarfaget
- Lærlingar i alle våre regionar
- Gode høve for fast stilling etter fullført læretid
- Lokal oppfølging i samarbeid med opplæringskontoret
- Opplæring etter kompetansemålene i læreplanen for det aktuelle faget