24.11.2022 | Eirik Navekvien Fotland

Han starta i haust på andre året som lærling ved landbruksverkstaden ved Felleskjøpet si avdeling i Lillehammer.

Det vart ei stor overrasking då Vegard vart kalla opp til kontoret av verkstadleiar Jostein Johansen og møtt av kake og blide kollegaer ein måndag formiddag i august. Han fekk då vite at han er kåra til Årets lærling blant dei mange landbruksmaskinmekanikarlærlingane i Felleskjøpet.

Vegard er 19 år, og vart tidelg kjend med landbruket gjennom familie som dreiv gard. Interessa og ynsket om å skru, reparere og ta vare på maskiner har alltid vore der, og Vegard vart lagt merke til allereie då han var på praksis ved verkstaden i ungdomsskuleåra. Etter å ha tatt teknologi- og industrifag Vg1 på Lillehammer vgs, fullførte han Arbeidsmaskiner Vg2 ved Jønsberg vgs, før han byrja som lærling ved avdelinga på Lillehammer.

– Når eg har fullført læretida mi her ved avdelinga, håpar eg at får høvet til å fortsette her i fast stilling som landbruksmaskinmekanikar, fortel Vegard.

Sterk fagleg og ein god kollega

Lærlingane i Felleskjøpet vert nominert lokalt og deretter vurdert av ein sentral jury. I nominasjonen heiter det mellom anna: Vegard er høfleg, utåtvend og trygg i sin framtoning. Han har godt fokus på HMS, og arbeider trygt og effektivt, og er særs sterk fagleg. Vidare set han seg raskt inn i nye utfordringar og løyser desse på ein framifrå og god måte, langt betre enn ein kan forvente av ein lærling.

– Vegard er en veldig sjølvgåande og triveleg kar, og veldig dyktig og teknisk sterk allereie. Han tek ansvar og er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet her på verkstaden, forklarer verkstadleiar Jostein.

I samband med dei store landbruksmessene Agroteknikk, Agrovisjon og Agrisjå, vert det kvart år kåra ein Årets lærling blant medlemsbedriftene. Desse er med på å synleggjere faget og auke rekruttering til bransjen før, under og etter messene. Vegard skal difor representere Felleskjøpet på Agrovisjon i Stavanger helga 4.-6. november.

STERK INTERESSE: Vegard har alltid hatt interesse av å skru, reparere og ta vare på maskiner.