29.03.2022 | Karstein Brøndbo

Kjetil Midtgarden Vaagen og sambuaren Christine Graneng starta med sau for 4 år sidan i eit gamalt sauefjøs med tungvinne løysingar, dårleg plass og liten kapasitet. For å kunne drive vidare med fulle jobbar, - som ingeniør og økonom i Vinje kommune, - måtte dei ha eit nytt bygg. Så da bygde dei nytt for 150 sau. No har dei 85 vinterfôra, men dei set på etter kvart. Jordvegen på 60 dekar skal utvidast med 50 dekar nydyrking til sommaren, og Kjetil reknar med at dei treng eit dekar innmark pr sau. – Vi har god jord med lite stein som eignar seg for dyrking berre 4-5 km frå garden, seier han.

Kort byggetid med element

Sauefjøset var ferdig i fjor haust. Vaagen hadde lese om storbingeløysinga og teikna litt sjølv før han kom i kontakt med fåregangsmannen Anders Konglevoll i Felleskjøpet. FK Bygg leverte tilbod på bygg, familien fekk 1,4 millionar i tilskot frå Innovasjon Norge og Vinje kommune og bygde for 3,4 millionar våren 2021. – Bygginga gjekk veldig greitt. Element både i gjødselkjellaren og i trehuset oppå ga kort byggetid. Østerdalstre leverte elementlaft, ferdige lemmar med stolpar i skøytane. Det er ein 6-toms hydraulisk samanpressa massiv trevegg utan isolasjon. Vi var heldige med byggetidspunktet. No har prisen på takstolar dobla seg, seier Kjetil.

Enkel fôring

Fôringsopplegget er enkelt, utan bæring og trillebår, og tilpassa eit brukarpar med tre ungar og full jobb. To rundballar vert lagde inn porten i enden av fjøset til tining og heisa opp i fôrkassane med talja. Pluss Sau tilskotsfôr i pulver blir servert i kar for fri tilgang ved sidan av kvit saltstein som heng i bingane. Dei vaksne søyene går i ein storbinge og åringane i den andre. 3 værar står i ein liten binge for seg sjølv. To kraftfôrautomatar tildeler Formel Sau individuelt etter hald, alder og lammetal. – Det tek litt tid å lære sauene å bruke automaten. Dei må samlast og dragast inn automaten første gongen før dei skjønar at det er kraftfôr der. Det tek også tid før dei går igjennom i staden for å rygge ut, fortel Kjetil. Han vil gje ekstra tilskot av magnesium fram mot lamming for å unngå mjølkefeber, og kopplamma, som kjem etter kvart, får Lambert melkeerstatning i automat.

image5ofyd.png

ENKEL OG LETTVINN FÔRING: - Når eg skal fôre, køyrer eg grabben bort til fôrsentralen, tek av plasten, lyfter opp ballen, og legg heile ballen i fôrkassa.

Sauer med namn

Sauene i storbingane er rolege og brukar ikkje lang tid på å venje seg til ein ukjend kar i fjøset. Kjetil meiner at jentene på 5 og 7 år, som ofte er med i fjøset, er med på å gjere dyra lettare fortrulege med folk. – Dei set namn på sauane. Eit beite var det mykje oppkalling av ungar i barnehagen, og no er det meir Peppa, Petra, Ingrid og andre figurar frå barne-TV, smiler faren.

Enkle lammebingar

- I gamlefjøset gjekk eg rundt med drillen og skrudde bingar i heile lamminga, seier Kjetil, og demonstrerer kor lett det er med Felleskjøpets IAE 8-rørs lettgrinder, som han har hengjande klare på veggen. Langs veggane er det montert drikkeniplar og koplingsringar frå IAE. På under to minutt har han sett saman ein binge av tre grinder og fire teinar. I tillegg kjem ein fôrkasse for grovfôr og kraftfôr, som var rydda vekk da Samvirke var innom.

800x450 LETTGRINDER.jpg

LETTGRINDER: Kjetil Midtgarden Vaagen set saman lammingsbingane på kort tid.

Vekt- og sorteringsrenne

I inste tverrenden på fjøset har Kjetil ei vekt- og sorteringsrenne som han skal bruke når han skal vege og sortere ut lam til slakt på hausten.

imageofule.png

VEKT OG SORTERINGSRENNE: I inste tverrenden på fjøset har Kjetil ei vekt- og sorteringsrenne som han skal bruke når han skal vege og sortere ut lam til slakt på hausten.

 

800x450 PÅ FJELLET - NYTT SAUEFJØS I RAULAND.jpg

PÅ FJELLET: Vi er i fjellbygda Rauland i nordvest i Telemark. Frå Midtgarden 750 meter over havet er det utsikt til det regulerte Totak-vatnet i vest og Raulandsfjell Alpinsenter i nord. Frå gamlefjøset nede ved vegen har familien flytta sauene inn i eit nytt fjøs i elementlaft.

 

FJØSTEGNING.jpg

FJØSTEGNING: Skisse viser fjøset gjennom vinteren og i lamminga.

Samvirke 3 2022