13.07.2022 | Felleskjøpet

Har du nokon gong tenkt over kor mykje viktig informasjon og kunnskap du sit på om akkurat din gard? Dette er viktig informasjon som du sikkert ønskjer å vidareføre til nokon andre ein dag, kunne sjå tilbake på for å vurdere neste steg i inneverande sesong, eller berre mimre tilbake for din eigen del.

Kor har du dokumentert resultatet av all jobben du har lagt ned på garden din gjennom åra? Og korleis lagrar du dette for framtida? Har du fått med nøyaktige tal på tids- og maskinbruk?

Om du ikkje har byrja med å dokumentere arbeidet digitalt er det kanskje på tide å gjere det i et framtidssikkert system som CropPLAN frå Dataväxt.

CropPLAN bidreg med å:

  • Hjelpe andre å ta vare på garden på same måte som du sjølv har gjort
  • Vise historikken for all innsats på kvart skifte, for kvart år
  • Få full kontroll på innsatsmiddel, forbruk og tid
  • Lagre dataa dine og automatisk sikkerheitskopiere dei
  • La deg hente inn maskindata og analysere sesongen ned på skiftenivå

CropPLAN gjer det enkelt å gjere rett!

No kan du teste CropPLAN gratis i tre månader før du kjøper.

Les meir om å sikre framtida til garden din her