14.04.2023 | Karstein Brøndbo

Krigen i Ukraina ga prisrekordar på fôrråvarer, energi og mineralgjødsel. Høg inflasjon, ei svekka krone og høgare rente reduserte også kjøpekrafta til både bønder og forbrukarar. Eit positivt jordbruksoppgjer og auka målprisar på korn var godt for bonden, men dette saman med ein stor kornhaust auka kostnadane og kapitalbindinga for Felleskjøpet som kornkjøpar.

Tryggare kvardag

Konsernsjefen legg stor vekt på at Felleskjøpet skal bli ein tryggare arbeidsplass. – Om folk vert skada eller døyr på jobb, er ikkje resultata våre noko verdt. Gode prosessar gjev både gode resultat og HMS, og fråværet etter medisinsk behandling gjekk ned med 30 prosent frå 2021 til 2022. Men vi skal bli enda betre, og målet er null fråværsskader. Det vil krevje innsats, sa Svenn Ivar.

Forsprang med nytt system

Datasystemet til Felleskjøpet er 47 år, like gamalt som konsernsjefen. Systemet er fantastisk, men i ferd med å gå ut på dato. I 2022 ble hjartet i systemet bytta ut, og det gjekk bra, med unntak av ein periode utan inkasso. Det nye systemet følgjer Microsoft sine standardar og gjer at ein er sikra vidareutvikling utan at ein må utvikle alt sjølv. Dei neste utskiftingane blir omfattande og må skje utanom sesong.

Auka konkurransekraft

- Vi måtte sette opp prisane på landbruksvarer, og vi var kanskje for seine. Innan maskin verka det godt å be kundane kjøpe før prisen gjekk opp, og vi har teke større delar av marknaden med presisjonslandbruk og traktorar som passar mangesysleriet i landbruket. I detaljhandel har vi køyrt sterke og vellukka kampanjar som skal spissast enda meir i vår, sa Fure.

Kostbar industristruktur kan krevje endringar

- Båttransport av ferdig fôr og kortare turar med bil, slik vi får det til med nye distribusjonsanlegg i Nord-Noreg, kan være aktuelt også andre stader. Cernova har flytta produksjon nordover til Buvika for å spare på straumkostnadane, Enøk-prosjektet på Skansen skal utvidast til fleire stader, og så fekk vi Enova-tilskot til ein elektrisk trailer i Trøndelag. Tre lager på Gardermoen har vorte eitt og fleire anlegg er oppgradert.

Kontroll på gjelda

Om Felleskjøpet ikkje klarer å halde nettogjelda under 3,5 gonger overskotet, kan renta auke med 100 millionar i året. I fjor sommar var prognosen 4,9, og rundt 150 små og store tiltak vart sett inn for å redusere gjelda, mellom anna auka leigelagring for at bonden skal få betalinga. Det verka. I midten av mars i år hadde vi fått inn 16 prosent meir korn i sør enn vi hadde fått inn året før, og NRBG/EBITDA landa på 3 ved årsskiftet.

Overskot og bonus

Svenn Ivar avslutta talen med å be om at vi tek godt vare på Felleskjøpets vel 4000 tilsette som skapar resultata. Årsmøtet vedtok årsmeldinga og rekneskapen som viser eit resultat på 232 millionar for morselskapet etter ei omsetning på 20,2 milliardar kroner. Av resultatet vedtok årsmøtet å disponere 40 millionar kroner til bonus/etterbetaling, 5,5 millionar kroner til avkastning på inneståande individuell eigenkapital, og 182 millionar kroner til annan eigenkapital.